Hopp til innhold

Rømde fangar gøymde i tett skog - ein av dei er pågripen

Ein mann er pågripen etter å ha rømt frå fengsel i Vik. Det blir framleis leita etter den andre mannen.

Vik fengsel

RØMDE: To fangar stakk av frå fengselet i Vik måndag morgon. Den eine er no pågripen.

Foto: Odd Inge Gjeraker

– Vi leitar framleis etter den av dei som har langt mørkt hår og er kledd i ein hettegenser. Han er om lag 177 cm høg, opplyser politiet.

Fangane som rømde frå Vik fengsel i dag tidleg har gøymd seg i tett skog.

– Me fann området dei held seg i, seier fengselsleiar Roy Egil Stadheim.

Det var like over klokka ni i dag tidleg at dei to fangane stakk av frå fengselet. Etter kvart skilte dei to lag og det blir no søkt med hund etter mannen som ikkje er funnen. Det blir også brukt helikopter med varmesøkjande kamera.

Stadheim seier dei går breitt ut i leitinga for å hindre at fangen skadar seg.

– Dette er eit veldig vanskeleg terreng. Vi har ikkje lyst at han skal øydeleggje seg, seier han.

Gøymer seg i tett skog

Justisminister Grete Faremo og leiar ved Vik fengsel, Roy Egil Stadheim.

HAR FUNNE DEI: Fengselsleiar Roy Egil Stadheim ved Vik fengsel er sjølv med på jakta etter dei to fangane. Dei har lokalisert dei, men ikkje pågripe dei. Her med justisminister Grete Faremo.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Om lag tre minutt over ni vart dei observert på utsida av gjerdet og fire minutt seinare var me på veg etter dei, seier Stadheim.

Dei to fangane, ein mann på 18 år og ein i slutten av 20-åra, blei funne, men klarte å gøyme seg i skogen og dermed halde seg på frifot.

– Me har sett dei og me veit kva område dei er i, men det er veldig tett skog. Me har rundt 15 mann som deltek i søket etter dei, seier Stadheim måndag føremiddag.

Klokka 11.40 opplyste politiet at dei no leita i eit fjellområde vest for Vik.

Det er fleire folk frå Vik fengsel og politiet som er ute å leitar etter rømlingane. Også Hordaland politidistrikt er varsla om rømminga.

Helikopter leitar etter fange i Vik

SJÅ VIDEO: Helikopter leitar etter rømd fange i Vik.

Klatra over gjerdet

At nokon rømmer frå fengselet i Vik er diverre ikkje veldig uvanleg.

– Dei har rømt å den vanlege måten, det er å forsera gjerdet vårt som ikkje er godt nok, seier Stadheim.

Han understrekar at fangane ikkje er farlege.

– Det er ungdomar som har funne på noko dumt. Det dei er dømde for er narkotikabrotsverk og tjuveri.

– Kor tid trur du at de har klart å få fatt i dei?

– Nei, det spørst kor lenge dei orkar å liggja i skogen å bli blaute. Me får sjå, me held fram til me finn dei.

Operasjonsleiar Bjarte Engevik hos politiet seier dei fekk melding om dei to rømlingane klokka 09:10.

– Den eine er ein mann på 18 år. Han har mørkt, langt hår og er tynn. Den andre er i slutten av 20-åra og er 1,80 meter høg. Han har normal kroppsbygging, seier Engevik.

– Dei kan har med seg byteklede, så det er viktig å vere obs på at han eine har mørkt og langt hår. Den andre mannen har kort hår.

Begge to er opphavleg frå Sogn og Fjordane.

– Ja, dei er herifrå, seier han.

Dei som har tips i saka kan ringje politiet på telefonnummer 02800.