Hopp til innhold

Her fastar dei i sympati med sine medelevar

Det er ikkje berre muslimane som fastar under ramadan i år. Ved United World College i Fjaler er halvparten av dei fastande ikkje-muslimar.

Elevar ved United World College

INGEN LUNSJ I DAG: Når medelevane et lunsj i kantina, sit Farzad, Leem og Blanka på biblioteket. Blanka Bech Gjørv fastar for å støtte sine muslimske medelevar.

Foto: Laurita Fure Briceno / NRK

Når medelevane et lunsj i kantina, sit Farzad, Leem og Blanka på biblioteket.

– Eg blei med på dette fordi eg ville vise at eg støttar dei, seier Blanka Bech Gjørv, elev ved United World College (UWC).

Osloensaren er ikkje sjølv muslim, men bestemte seg for å delta på fasta saman med sine muslimske medelevar.

– Det er så utruleg mange folk i verda som fastar kvart år, og eg vil vite meir om korleis det er, tilføyer ho.

Ramadan forklart: Korleis er det eigentleg å faste?

Portrettbilde av Muneeb og Fatima

Halvparten av dei fastande er ikkje muslimar

På UWC i Fjaler går det 200 elevar med 87 ulike nasjonalitetar. Elevane lever tett på kvarandre og skulen legg opp til utveksling av kultur og tradisjonar på tvers av nasjonalitet og religion.

I år fastar 33 elevar under ramadan. Berre halvparten er muslimar.

– Eg har aldri delteke på det før, men då eg kom hit så tykte eg det var veldig fascinerande. Det verka som ein hyggeleg ting å gjere saman som medelev og venn, fortel Bech Gjørv om hennar val å delta i fasta.

Et frukost kl. 03

Farzad Noor Ali og medelevane som fastar brukar lunsjtida på biblioteket. Der unngår dei å bli freista av fersk matlukt, samtidig som dei får brukt tida til noko nyttig.

Muslimane og dei andre som har blitt med på fasta held seg unna mat og drikke frå soloppgang til solnedgang.

– Vi vaknar rundt kl. 03, et frukost, og så går alle og legg seg igjen, fortel Farzad Noor Ali.

Neste måltid er middag rundt kl. 18.30.

Fellesmiddag under ramadan på UWC

På kveldstid samlast elevane på UWC til iftar.

Foto: Aya Halabi / United World College

Lærer seg måtehald

– Det er kjekt for oss å ha støtte frå samfunnet her. Vi blir veldig glade når vi ser at ikkje-muslimar deltek i våre religiøse tradisjonar, seier Noor Ali.

Eleven trur også at det er bra for ikkje-muslimske medelevar å prøve noko nytt.

– Det er ein god måte å lære seg å avgrense seg. Av og til føler eg at vi er avhengige av forskjellige ting. Når det er ramadan kan vi kutte ned på ting. Det kan hjelpe oss vidare og føre til at vi har mindre behov for det i kvardagen, forklarar Noor Ali.

Ei naturleg kulturutveksling

Ein viktig del av å gå på ein UWC-skule er å lære av kvarandre sine ulike kulturar og tradisjonar. Det fortel Leonora Laukeland Kleiven, som er direktør for samfunnskontakt og kommunikasjon ved UWC.

– At ikkje-muslimar er med å feirar ramadan, er noko elevane har gjort i fleire år. Det viser i praksis korleis vi kan bringe ulike kulturar saman, lære av kvarandre og ulike måtar å gjere ting på, fortel ho.

Følgjer muslimske vener til moskeen

Badreddine Maizi

Badreddine Maizi set pris på at folk er nysgjerrige på og vil ta del i islamske tradisjonar.

Foto: Islamsk råd Norge / IRN

I Bergen er det ikkje uvanleg at ungdomar tek med seg ikkje-muslimske vennar til moskeen. Der blir dei med på iftar, kveldsmåltidet etter solnedgang under ramadan.

– Det er veldig hyggeleg at unge deltek i muslimske vener sine opplevingar, seier Badreddine Maizi, styremedlem i Islamsk Råd Noreg.

Maizi synest også det er hyggeleg når kollegaer og andre spør korleis det er å faste og er nysgjerrige på muslimske tradisjonar.

– Mange synest det verkar tøft å faste lange dagar, men så prøver dei det sjølve og ser at det går bra, avsluttar han.

Les også QUIZ: Kan muslimer ha sex under ramadan?

Jrp-bAmYg6w