Hopp til innhold

No vil Høyanger bli cruisehamn

– Det var magisk i Høyangervika i går, seier næringssjef Terje Søreide om det første cruiseskipet som har vitja Høyanger.

Næringssjef Terje Søreide i Høyanger.

STRÅLAR: Ein strålande blid Terje Søreide under testbesøket torsdag. Frå 2014 håpar han cruiseskip i Høyanger blir langt meir vanleg enn i dag.

Foto: Arve Ullebø

I halvanna år har Høyanger Næringsutvikling og Hydro arbeidd med planane om å få cruiseanløp til tettstaden.

Onsdag starta prosessen med å få testanløp. Kvelden etter la cruiseskipet turen innom Høyanger.

– Det var ein veldig fin sak då skipet kom siglande inn, følgd av 10–12 båtar frå Høyanger båtforeining. Det var på ein måte litt slike bilete som då Hurtigruta kom siglande inn til hamna. Skipet fløytte, og det var full lysboge på skutesida då den vart liggjande med breisida til, fortel næringssjef Terje Søreide.

Cruise frå 2014

Besøket og høyangerfolket som i hopetal kom til for å få med seg cruisebesøket, inspirerte Søreide og samarbeidspartnarane til å jobbe vidare med planane sine.

– Det var mykje folk å sjå langs med stranda i Vika. Det var nesten rørande, seier Søreide, som no håpar å sjå Høyanger som fast cruisehamn frå 2014.

(Artikkelen held fram under biletet)

Cruiseskip i Høyanger.

TESTBESØK: På under eit døgn fekk Høyanger Næringsutvikling til eit testbesøk frå cruisanlegga.

Foto: Arve Ullebø

– Vi vurderer det som ganske realistisk. Årsaka til det er at all infrastruktur er etablert i høve til djupvasskai og ei godkjenning som skal til for å ta imot skipa som siglar inn og ut Sognefjorden, seier Søreide.

Med Hydro sitt kaianlegg godkjent for skip over 300 meter og det som skal til av godkjenningar, er det ingen risiko knytt til framstøyten.

– Det er snakk om å utnytte det vi har, seier Søreide.

Har planen klar

Saman med Hydro arbeider Høyanger Næringsutvikling med å etablere «Destinasjon Høyanger».

Ideen er å ta imot cruiseskip og transportere med turistar i bussar både austover fjorden til Balestrand, sørover til Høyanger-sørside, nordover til Sunnfjord og vestover til Kvernsteinparken i Hyllestad.

– Vi meiner sjølve, og har fått ein del ekspertise som og meiner det, at kulissane ligg der. Men det må pakkast, jobbast med, foredlast og seljast inn til reiarlaga. Dei må ynskje å komme til hamna, og så trur eg det er viktig å ikkje få dei til hamn før vi er så klar for dei at dei også får lyst til å komme attende, seier Søreide.

Lita industribygd

Frå før er Flåm, Skjolden og Olden veletablert som cruisehamner. Medan kraftfull vestlandsnatur omkransar desse hamnene, vil aluminiumsverket vere cruiseturistane sitt første møte med industristaden mellom dei bratte fjella.

Terje Søreide

RØRANDE: Næringssjefen konstaterer at testbesøket vart ein suksess.

Foto: Arve Ullebø

Akkurat Høyanger si 100-årige industrihistorie meiner Søreide kan vere eit stort pluss.

– Det er også det som gjer det endå meir spennande. At dei ser ein liten bygdeby med 2.500 menneske og eit levande verk. Det er faktisk litt unikt, seier Søreide.

Treng litt flaks

– Skal vi vere smålåtne, så kan vi tilby minst like mykje som dei andre hamnene. Så er det slik at cruisemarknaden har ein vekst frå åtte til ti prosent årleg, medan kapasiteten på hamnene som er i dag er byrja å bli fullbooka, legg han til.

– Å kome inn i cruisemarknaden er ei langsiktig sak. Det er realistisk, og med litt flaks kan vi få til eit slikt opplegg frå 2014, avsluttar næringssjefen.