Hopp til innhold

Store problem på vegane i vest

Store nedbørsmengder og snøsmelting skapar store problem på vegane på Vestlandet. Berre i Sogn og Fjordane og Hordaland er nær 40 vegar stengde.

Stengd på riksveg 5 ved Kjøsnesfjorden

STENGD: Riksveg 5 mellom Skei og Fjærland er stengd grunna fleire ras.

Foto: Birger Meland / NRK

I tillegg til problem langs vegane har eit stort ras også teke med seg eit hus i Balestrand i Sogn.

Her er to personar sakna og forholda er framleis så usikre at redningsmannskap ikkje har gått inn i området for å leite etter ekteparet.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ras i Balestrand

RAS: Eit stort ras tok måndag kveld med seg eit bustadhus i Balestrand. Tysdag morgon klokka 09 er to personar framleis sakna.

Foto: Arve Uglum/NRK

Fryktar store materielle skader

I Hordaland trugar vassmengdene med å øydelegge fleire campingplassar på Kvamskogen. Kvernavollen camping vart evakuert i går kveld, og i morgontimane tysdag er det fare for at heile campingplassen kan bli overfløyma.

- Dersom demninga gjer etter, vert det full overfløyming. Då snakkar vi om store materielle skader, seier Torkjell Kjosås ved Kvamskogen vaktsentral til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Flom på Kvamskogen

FLAUM: Det er store naturkrefter i sving på Kvamskogen i morgontimane tysdag.

Foto: Torkjell Kjosås

Over 30 stengde vegar i Sogn og Fjordane

I Sogn og Fjordane arbeider vegvesenet for fullt for å få oversikt over vegane. Over 30 vegstrekningar er stengde grunna ras, rasfare, flaum og uvêr.

Det er uklart kor tid vegane kan opne att, fortel prosjektleiar Lars Erik Karlsen i Statens vegvesen til NRK like før klokka 08.

- Vi har folk ute fleire stader for å vurderer situasjonen. Men det er heilt klart ein utfordrande dag for oss, med så mykje nedbør, seier Karlsen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Snøskred på Haugen camping ved Skei

STNEGD: E39 var tidleg tysdag morgon stengd ved Haugen camping like ved Skei i Sogn og Fjordane. Denne campingvogna kom så vidt frå det då ei lita elv gjekk over sine breidder.

Foto: Birger Meland / NRK

Stor fare for snøras

Snørasfaren i fylket er no på 4. Det betyr at det er fare for snøras i mange skråningar, sjølv om ein berre får ei lett tyngd oppå snøen. Enkelte stader kan ein få store snøras.

- Eg vil be folk om å køyre forsiktig. I tillegg til rasfare, må folk vere obs på mykje overflatevatn. Det kan og ligge ein del rusk i vegbana, i tillegg kan asfalten ha fått skader, åtvarar Karlsen.

SLIK ER DET PÅ VEGANE I SOGN OG FJORDANE KLOKKA 14

  • Riksveg 13 Vikafjellet – stengd grunna snøras
  • Riksveg 15 Strynefjellet – stengd grunna fare for ras. Ny vurdering klokka 16.
  • Fylkesveg 13 Dragsvik – Vetlefjorden ved Sandskreda bru – stengd grunna snøras
  • Fylkesveg 13 Gaularfjell, ved Mel – stengd grunna snøras
  • Fylkesveg 50 Hol- Aurland – kolonnekøyring
  • Fylkesveg 53 Øvre Årdal – Holsbru – stengd grunna snøras
  • Fylkesveg 53 Tyin-Årdal - stengd grunna uvêr. Vert ikkje opna att i dag.
  • Fylkesveg 55 Balestrand – Høyangar ved Flesje bru – stengd grunna jordras
  • Fylkesveg 55 Balestrand – Dragsvik ved Esebotn bru – stengd grunna fare for ras
  • Fylkesveg 92 Vik-Arnafjord – stengd grunna snøras
  • Fylkesveg 93 Nautsund – Vadheim, ved Heldalsheia – stengd grunna fare for ras
  • Fylkesveg 152 Ulvastad – stengd grunna snøras
  • Fylkesveg 241 Gudvangen – Bakka ,ved Bakka – stengd grunna fare for ras
  • Fylkesveg 337 Hafslo – Veitastrand – stengd grunna snøras
  • Fylkesveg 453 Klakegg – Fonn, ved Veiteberg – stengd grunna overfløyming
  • Fylkesveg 481 Storehagen – Botnen – steng grunna flaum
  • Fylkesveg 614 Grov – Stårheim – steng grunna fare for ras
  • Fylkesveg 615 Storebru – Sandane(Hyen-Hestnesøyra) – stengd grunna jordras
  • Fylkesveg 691 Gjengedal – Aa bru – stengd grunna snøras
  • Fylkesveg 723 Bødal – Loen – stengd grunna snøras

SJÅ OPPDATERTE VEGMELDINGAR FOR SOGN OG FJORDANE

SLIK ER DET PÅ VEGANE I HORDALAND KLOKKA 12

  • E16 Voss - Gudvangen - fare for vassplaning
  • E16 Trengereid - Voss - fare for vassplaning
  • E16 Voss - Vinje, ved Løno - stengd grunna flaum
  • E39 Knarvik - Oppedal, ved Romarheim - redusert framkome grunna flaum
  • Riksveg 13 Nesdalen og Røldal i Brattlandsdalen, stengd grunna ras
  • Fylkesveg 313 stengd grunna snøras ein plass, og grunna flaum ved Styve bru
  • Fylkesveg 550 mellom Odda og Utne er stengd grunna overfløyming
  • Fylkesve 572 mellom Bruravik og Ulvik er stengd. Kolonnekøyring gjennom Vallavikstunnelen
  • Riksveg 7 Hardangervidda stengt for personbilar, kolonnekøyring berre køyretøy over 7,5 tonn
  • Riksveg 13 Vikafjell stengd
  • Riksveg 50 Aurland og Hol stengd grunna overfløyming i tunnelane
  • Fylkesveg 7 Kvamskogen, stengd grunna flaum
  • Fylkesveg 7 Trengereid - Granvin, ved Furedalen - stengd for personarbilar grunna flaum
  • Fylkesveg 131 Fyksesund - Kvam - stengd grunna snøras
  • Fylkesveg 345 Modalen-Steinsland, ved Steinsland - stengd grunna fare for ras
  • Fylkesveg 307 Palmafossen - Mjølfjell Bru - stengd grunna flaum

SJÅ OPPDATERTE VEGMELDINGAR FOR HORDALAND

Haugen camping ved Skei

MYKJE VATN: Eit lite elvefar gjekk over sine breidder ved Haugen Camping, ved Skei i Jølster tysdag morgon. E39 var i ein kort periode stengd.

Foto: Birger Meland / NRK