Hopp til innhold

Bil sat fast i ras i Sogndalsdalen

Ein bil sat fast i rasmassane etter eit snøskred på riksveg 5 mellom Sogndal og Fjærland tysdag kveld.

- Vegen var stengt frå 19.40 til 20.15 grunna raset, seier vakthavande Kai Jonny Bugjerde ved vegmeldingssentralen.

Bil sat fast i rasmassane

Snøraset har gått ved Dalavatnet og skal ha gått heilt over vegen.

Ein personbil vart ståande fast i raset, men det skal ikkje ha blitt personskader.

- Det var ikkje noko dramatikk knytt til dette, seier Bugjerde til NRK.no.

Entrepenøren har rydda raset og riksveg 5 er no open på staden.

Også tidlegare i dag vart ein bilist tatt av eit ras. Også i Gudvangen kom sjåføren frå det utan skader.

Fleire vegar er stengde

Det har gått snøras på fleire vegar i Sogn og Fjordane tysdag.

I tillegg til at ras alt stengjer fleire vegstrekningar har vegvesenet også stengt ytterlegare nokre vegar grunna rasfare.