Hopp til innhold

Varslar store utfordringar i helgetrafikken

Store snømengder og mildvêr i vente kan gi trøbbel på vegane. Vegtrafikksentralen ber folk la bilane stå og la vere å reise på hytta.

Brøytere i Bergen

Det er venta store utfordringar i trafikken i dag og gjennom helga. – Sjølv om forholda og vegane ser bra ut når du reiser, kan situasjonen sjå heilt annleis ut når du skal heim, melder Statens vegvesen.

Foto: Gerd Johanne Vatne Braadland / NRK

Farevarselet for mykje snø held fram utover dagen og fram til i kveld.

På Vestlandet er det gult og oransje farevarsel, og det kan kome opptil 40 cm.

I går var det store utfordringar i trafikken, men det er venta endå større problem i dag.

– La bilen stå, oppmodar Chris Eide, trafikkoperatør i Vegtrafikksentralen Vest.

Fleire bussar og andre køyretøy har fått utfordringar.

Ved målestasjonen Florida i Bergen blir det målt 38 cm snø fredag ettermiddag.

Så mykje har det ikkje vore sidan 1987, melder meteorologane på X.

Her kan du sjå oppdaterte meldingar frå Statens vegvesen.

Fleire nye farevarsel i vente

Vegtrafikksentralen opplyser at det også er færre bilar ute enn vanleg, nett som bestilt.

– Det ser ut som at folk har tatt oppmodinga om å la bilen stå, og det ønskjer vi at dei held fram med, seier trafikkoperatør Eide.

Det er varsla ein del vind, noko som fører til fare for snøfokk. Han ber folk om å droppe hytteturen i helga.

Skagevegen i Bergen

Vegtrafikksentralen i vest ber folk om å la bilen stå. Biletet er av ei ulukke i Bergen fredag.

Foto: Cato Kristensen / NRK

– Det er meldt mildvêr til helga, og det kan by på svært utfordrande føreforhold, seier trafikkoperatøren.

Når store mengder snø smeltar, kan det verte mykje vatn og hålkeføre, åtvarar statsmeteorolog Kristian Gislefoss.

Det er mellom anna sendt ut gult farevarsel for store delar av Agder og Austlandet. Det kan også kome flaumvarsel.

Snøskredvarslinga varsom.no melder at dei kjem tilbake med fullt varsel laurdag ettermiddag.

Les også Venter mye vann – ber innbyggerne om hjelp

Soneleder i Ingeniørvesenet i Kristiansand kommune Øystein Smith, ber folk i Kristiansand hjelpe til med å grave fram sluker.

Stor skredfare fleire stader

NVE har fredag auka farevurderinga for snøskred til raudt nivå på søndag, for Indre Fjordane, Voss, Hardanger og Heiane.

I Voss herad gjekk det fredag ettermiddag eit skred over fylkesveg 5419 Mestad, mellom Neshe, og Evanger, melder Vegtrafikksentralen.

– Ingen skal vere tekne av raset, seier trafikkoperatør Andreas Omdal.

Ein entreprenør var i nærleiken fredag klokka 15, ifølge Omdal. Enn så lenge er vegen stengd.

Snøskredvarsel for søndag 21. januar 2024.

I desse områda gjeld den raude farevarselen komande søndag. Skjermdumpen er henta frå Varsom.no.

Foto: Skjermdump / Varsom.no

Laurdag er snøskredfaren vurdert til nivå 3 – oransje.

Årsaka er vinden som gjer at snøskred kan losne av seg sjølve, heiter det i snøskredvarslinga på Varsom.no.

«Unngå leområde der det samlar seg fersk fokksnø. Størst fare frå laurdag ettermiddag», står det vidare.

Det skal då dreie seg om «svært store» eventuelle skred som kan bli utløyste av naturlege årsaker.

Melder om hålkeføre

Meteorologisk institutt sender ut gult farevarsel om hålkeføre og is for heile Vestlandet.

Varselet gjeld frå laurdag klokka 13.00 fram til søndag klokka 16.00, melder yr.no.

Når det kjem store snømengder og dette blir trakka ned, blir det til hard snø.

I tillegg er det venta ein del regn som vil fryse på bakken.

Regnet er venta å starte i Agder laurdag ettermiddag, og vil bevege seg til Austlandet.

farevarsel is

Det blir sendt ut gult farevarsel for is for delar av Vestlandet.

Foto: Skjermdump / YR.no

Vestlandet får det verst på søndag og måndag.

– Det vil bli hålkeføre i ytre og indre strøk, seier meteorolog Geir Ottar Fagerlid til NRK.

BKK aukar opp beredskapen på grunn av all nedbøren og den sterke vinden som er i vente.

Statens vegvesen varslar at det vil bli svært glatte vegar og ber folk om å la bilen stå.

Det er også venta stor snøskredfare. Det kan verte sendt ut raudt farevarsel, opplyser skredvarslinga til NRK.

Kolonnekøyring og stengde vegar

Vegtrafikksentralen opplyser fredag morgon at det står relativt greitt til på vegane.

– Brøytemannskapet har jobba i heile natt og gjort ein heroisk innsats. Mange vegar er difor veldig gode, men det er naturlegvis ein del sidevegar og hovudvegar der det framleis er ein del snø, seier trafikkoperatør Jørgen Bødtker.

Buss på glatta Hjellestad

Ein buss fekk utfordringar på glatta ved Hjellestad i Bergen.

Foto: Astrid Rommetveit / NRK

Også i Rogaland er det stort sett greie forhold, men også her kan sidevegane vere ei utfordring.

– Vi har fått ein del telefonar om glatt veg frå ytre strøk sør i Rogaland, seier trafikkoperatør Marianne Hove i Statens vegvesen.

Ho minner om at det framleis er eit pågåande farevarsel for snø.

– Det er også meldt meir snø utover dagen. Dersom du skal køyre bil, må du vere godt skodd og senke farten etter forholda der du er, seier Hove.

FV 50 HOL AURLAND

Fleire fjellovergangar er råka av dårleg vêr. Her frå fv. 50 Aurland- Hol.

Foto: STATENS VEGVESEN

Oransje farevarsel for regn på Austlandet og i Agder

Yr har sendt ut et oransje farevarsel for regn for Austlandet og Agder natt til måndag.

– Mildvêret og regnet kjem nå mot slutten av helgen og inn i måndagen. Det ventast store trafikale utfordringar for vegane, seier meteorolog Håkon Mjelstad ved Meteorologisk institutt.

Når det regner på vegar med snø og is, kan det bli veldig glatt på vegane.

– Du må seriøst vurdere om du skal reise på måndag. Nokon fylke stenger skolar fordi man ikkje burde køyre under sånne forhold. I nokon område kan vegane bli ufremkommelige.

– Et oransje farevarsel inneber at konsekvensane er veldig alvorlege. I dette tilfellet gjeld konsekvensane veg og føreforhold.

– Der er ein stor fordel at færrast mogleg ferdast under de forholda, seier Mjelstad.

Farevarsel for Sør- og Østlandet

Det anbefalast ikkje å køyre bil i dette området på måndag.

Foto: Meteorologene

Forventar store utfordringar på vegane

Pressekontakt Øyvind Strømmen i Skyss seier til Bergens Tidende at dei forventar store utfordringar i dag.

Han ber folk om å vurderer om dei treng å reise i dag.

Konstituert regionsjef i Tide, Frank Aadland støttar han:

– Det er unntakstilstand og køyreforholda har gått frå verre til verst, men vi har nokre fantastiske bussjåførar som prøver å oppretthalde eit best mogleg rutetilbod, seier Aadland til avisa.

snovaer-bidrag fra Lena Borge

Sjølv om snøen lagar litt utfordringar, er det også mykje kjekt med den.

Foto: Lena Borge

Skyss melder at reisande må rekne med store forseinkingar på grunn av føreforholda. Her kan du sjekke situasjonen hos Skyss.

Også i hovudstaden er det forseinkingar og innstilte avgangar i kollektivtrafikken. Det meste av busstrafikken går som normalt, fortel Ruter.

Helikoptertrafikken er også råka av uvêret i dag.

Frå Stavanger lufthavn Sola er fleire avgangar til Ekofisk-feltet blitt kansellert. I tillegg er trafikken til Nordsjøen også forseinka, syner ei oversikt hos Heliport.

Tolv andre helikopteravgangar er utsett.

Fleire fly til og frå Stavanger lufthavn er også utsett.

Det er også problem på Sørlandsbanen og fleire avgangar mellom Oslo og Stavanger er innstilt, melder togselskapet Go Ahead.

ny dag med mykje snø i vest

La bilen stå, oppmodar Vegtrafikksentralen.

Foto: Therese Grimstad Pisani / nrk

Dei vidaregåande skulane i Hordaland har heimeundervisning i dag.

Hovudgrunnen er fordi fylkeskommunen vil avlaste vegsystemet og kollektivtrafikken.