Hopp til innhold

Vart kritisert etter at ho fekk seg kjæraste: No varslar ho om ukultur

Skuldingar om truslar og lovbrot. No har kjærleikslivet mellom fylkespolitikar Karianne Torvanger og ein byråkrat sett i gang ei omfattande gransking i Vestland fylkeskommune.

Karianne Torvanger

HAR SENDT VARSEL: Fylkespolitikar Karianne Torvanger (Ap) hevdar ho vart utsett for ein smertefull prosess.

Foto: Vestland Fylkeskommune

  • Kva skjer når ein utdanningspolitikar og utdanningsbyråkrat finn kjærleiken?
  • På kva tidspunkt må du gje omgjevnadene beskjed om at du har funne kjærleiken?
  • Korleis skal politikarkollegaer reagere når dei blir kjende med kjærleiksforholdet og dei får mistanke om inhabilitet?
  • Og vart Karianne Torvanger trua til ikkje å møte i fylkestinget?

Dette er bakteppet for at kontrollutvalet i Vestland fylke har starta ei omfattande gransking. Selskapet Deloitte skal bruke 400 timar på å finne ut kva som eigentleg har skjedd.

– Smertefull prosess

Torvanger hevdar ho vart utsett for ein smertefull prosess som inneheldt både truslar, brot på fylkeskommunen sitt etiske regelverk og brot på kommunelova og forvaltningslova.

Med i dramaet er fylkesordførar Jon Askeland (Sp). Torvanger meiner Askeland ved fleire høve, i strid med kommunelova, har lagt premissar for behandlinga av saka ved å ha uformelle samtalar med gruppeleiarar.

Dersom dette har skjedd er det brot på kommunelova, hevdar selskapet Deloitte, som har levert ei 20 siders forundersøking. Der blir det tilrådd full gransking av saka, noko kontrollutvalet altså er samd i.

Jon Askeland

INGEN KOMMENTAR: Fylkesordførar Jon Askeland (Sp).

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Torvanger meiner vidare at Offentleglova er broten fordi ho ikkje fekk innsyn i fleire viktige dokument og møter om saka.

Vil ikkje kommentere varselet

I varselet fortel ho også om at ho vart utsett for «utilbørleg press/truslar» om ikkje å delta i eit møte i fylkestinget i juni 2021.

Askeland viser til at saka er under handsaming og at han difor ikkje vil kommentere ho. Heller ikkje Karianne Torvanger ønskjer å kommentere saka. Kenth Rune Teigen Måren jobbar ikkje lenger i fylkeskommunen.

Politikar + byråkrat = sant

Det var i løpet av 2019 at Torvanger vart kjæraste med Kenth Rune Teigen Måren. Det var berre eitt problem. Ho var leiar i opplæringsutvalet i fylkeskommunen, og han var leiar opplæringsadministrasjonen i fylkeskommunen.

Eit slikt forhold kan kome i konflikt med både kommunelova og forvaltningslova inn, og reglane om habilitet.

Då saka kvart kjent i april i fjor, vart Torvanger umiddelbart fristilt som leiar i utvalet. Nestleiaren rykte opp som utvalsleiar.

– Burde ha varsla

Lovverket ramsar opp ulike relasjonar som kan vere problematiske: «svogerskap», «er eller har vore gift», «verje», «fostermor» – men ikkje kjærastar.

– Likevel burde dei to ha varsla sine overordna, uttalte ekspert i forvaltningsrett Jan Fridthjof Bernt, då saka vart kjend.

Det same sa advokatfirmaet Thommessen, som granska saka. I rapporten konkluderte dei med at Torvanger og seksjonssjef Måren ikkje har vore inhabile i sakene dei har handsama, men at dei likevel burde ha varsla.

Måtte legge seg flat

Og med det var saka ute av verda? Nei, ho hadde berre byrja.

  • Torvanger måtte gje ei skriftleg orsaking til fylkestinget
  • Ho måtte gje ei skriftleg orsaking til fylkestingsgruppa i Ap
  • Ho måtte plikte seg til å gjenopprette eit positivt og konstruktivt samarbeid med administrasjonen. Om naudsynt med ekstern hjelp
  • Saka var sett på sakskartet i fylkestinget i juni i fjor, men vart seinare trekt

Etter at Torvanger beklaga fekk ho kome tilbake som utvalsleiar i slutten av juni i fjor. Men belastninga hadde vore stor og ho meiner ho vart utsett for stor urett. Difor sende ho inn det omfattande varselet.

Dan Femoen, leiar i kontrollutvalet i Vestland

UVANLEG: Leiar i kontrollutvalet i Vestland fylkeskommune, Dan Femoen (H).

Foto: Bård Siem / NRK

– Kan vere alvorleg

– Forundersøkinga viser at det kan vere brot på både kommunelova, offentleglova og det etiske regelverket. Det er sjølvsagt alvorleg dersom det er rett, fortel leiar i kontrollutvalet, Dan Femoen (H).

Han seier det alltid er alvorleg når det blir varsla om kritikkverdige tilhøve som dette, men at dei ikkje veit kor alvorleg det er før granskinga er gjennomført.

Femoen reknar med at rapporten vil bli oversendt kontrollutvalet i august, og at det vil bli teke ei rask avgjerd etterpå.

Han legg til at varsel frå ein politikar ikkje er vanleg.

– Dette er ikkje vanleg i det heile tatt. Slik eg kjenner til, er dette første sak der kontrollutvalet har teke imot eit varsel frå ein politikar, seier Femoen.