Hopp til innhold

Varslar 300 nye tilsette: – Vårt svar på Steve Jobs, jublar ordførar

SUNNFJORD (NRK): All heimetida det siste halvåret har gjort forbrukarane meir medvitne på straumbruken sin, seier teknologiselskapet Tibber, og varslar hundrevis av nye arbeidsplassar.

Førde sentrum

FÅR MANGE NYE ARBEIDSPLASSAR: Førde vert styrkt av satsinga til teknologiselskapet Tibber.

Foto: Ole Kollstrøm Hellevang / nrk

– Vi har berre skrapa i overflata av det fulle potensialet, seier gründer og administrerande direktør Edgeir Vårdal Aksnes i straumselskapet Tibber.

Han trur koronaviruset, stengde landegrenser og «mykje tid heime» har bidratt til at fleire nordmenn har valt å oppgradere heimen sin med smart teknologi.

Teknologiselskapet tilbyr ein app som gjer det mogleg for kunden å bytte straumprodusent og styre ladinga av for eksempel elbilar til timane på natta med lågast straumpris.

Hittil i år har selskapet hatt ein omsetnad på 200 millionar.

No er målet å bli blant dei ti største straumselskapa i Europa innan fem år. Det betyr at dei skal tilsette 300 nye medarbeidarar.

Opp mot hundre av dei i vesle Sunnfjord, der dei har sitt hovudkontor.

Ein som gler seg over det er ordførar i kommunen, Olve Grotle (H).

Edgeir Aksnes er vårt svar på Steve Jobs, seier han.

Teknologiselskapet Tibber har hatt en omsetning på 200 millioner kroner hittil i år. – Det har vært en fantastisk utvikling, sier gründer Edgeir Vårdal Aksnes.

Teknologiselskapet Tibber har hatt ein omsetnad på 200 millionar kroner hittil i år.

Foto: Oddmund Haugen

– Vinnar på å utfordre grensene

Kraftanalytikar Marius Holm Rennesund i Thema Consulting samanliknar marknaden for straum med bankmarknaden, der digitale konkurrentar har teke delar av marknaden frå dei etablerte aktørane.

– Tibber lykkast fordi dei utfordrar grensene for kva som er verdiaukande produkt og tenester, seier han.

I dag er marknaden for straum framleis dominert av selskap som kjøper straumen på kraftbørsen, og sel den vidare til kundane.

– Det som er bra for forbrukarane, er bra for nettkapasiteten. Og bra for klima og miljø, seier Jon Evang i Miljøstiftelsen ZERO.

Han kallar satsinga i Sunnfjord «ei god nyheit for alle som er opptatt av energieffektivisering og smart energibruk».

– Når vi framover skal elektrifisere større deler av samfunnet, må vi utnytte straumnettet betre og smartare. Da er det avgjerande med verktøy som dette. På systemnivå kan vi redusere behovet for nye kraftlinjer om vi klarer å utnytte fleksibiliteten i straumnettet betre.

Olve Grotle utanfor Sunnfjord rådhus

HYLLAR TIBBER: Sunnfjord-ordførar Olve Grotle (H) gler seg over nye arbeidsplassar i kommunen.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

– Allereie eit forsprang

Anders Lie Brenna i bransjebladet Enerwe meiner Tibber allereie har opparbeida seg eit forsprang i verdsmarknaden.

– Men dei kan bli tatt igjen om dei ikkje held farta, seier han.

Han legg til:

– Ved å satse på straumstyring kan dei også tene pengar på å balansere straumnettet ved at dei i korte periodar slår av tusenvis av elbilladarar. Det er viktig for å balansere eit straumnett der straumen må produserast og brukast samtidig.

Straumselskapet vann Petter Stordalen sin gründerkonkurranse i 2016, og Stordalen er framleis ein av dei største aksjonærane. Tidlegare i år fekk selskapet 13,5 millionar frå Innovasjon Norge med seg på vegen ut i Europa.

Det er fantastisk at vi har selskap på Vestlandet som har ein slik vekst. Noreg har jamt over for få vekstselskap som satsar internasjonalt, seier Kristin Kopperud Timberlid i Innovasjon Norge.

Kristine Timberlid i Innovasjon Norge

– Det er fantastisk at vi har selskap på Vestlandet som har ein slik vekst, seier Kristin Kopperud Timberlid i Innovasjon Norge.

Foto: Innovasjon Norge