Hopp til innhold

Varme og sol i heile landet i pinsehelga

«Temperaturen den blir høy, og mange får lyst til å kaste sitt tøy», skriv meteorologane på Twitter og varslar sommartemperaturar landet over i pinsa.

Varm maidag Gamlehaugen Bergen

SNART KJEM SOMMARTEMPERATURANE: I pinsa kan du måtte leite fram sommarkleda, det er meldt fint vêr over heile landet. Her frå ein varm maidag på Gamlehaugen i Bergen.

Foto: Ole Andre Lagmandokk / NRK

– I pinsa viser vêret seg frå si beste side. Det ser ut som det blir sol så å seie over heile landet, fortel meteorolog Kristian Gislefoss.

Berre i ytre strøk av Finnmark er det antyding til skya vêr og nedbør, elles smiler sola frå noregskartet i pinsehelga.

– Temperaturen er stigande. Det blir tjue grader på Austlandet i morgon, utover veka vil alle landsdelar nærme seg tjue grader og kome over i løpet av pinsa, fortel Gislefoss.

– Kjem sommaren no?

– Det blir i alle fall smak av sommar, det kan vi slå fast, seier han.

Laster Twitter-innhold

Verkar sikkert

For Vestlandet sin del ventar det nokre dagar med skyer og byer mellom tysdag og torsdag, før finvêret ser ut til å melde seg for fullt også her.

– Heile pinsa ser nydeleg ut for Vestlandet sin del, seier Gislefoss.

Kristian Gislefoss

VARSLAR FINVÊR: – Det ser ut som det blir sol så å seie over heile landet i pinsa, fortel meteorolog Kristian Gislefoss.

Foto: Anniken Celine Berger

Meteorologane varslar vêret for ein tidagarsperiode.

– Mot slutten av ein tidagarsperiode er ting ofte veldig usikkert, men akkurat no ser det overraskande sikkert ut med tanke på pinsa, seier han.

– Etter pinse er det litt meir ustabil luft på gang. Då kan det bli alt frå byer til framleis høgtrykk, fortel Gislefoss.

Laster Twitter-innhold