Hopp til innhold

No er våren i anmarsj – den kan bli varmare enn normalt

Sola varmar, snøen smeltar og pollen svirrar rundt. Våren er på veg og kan bli mildare enn vanleg.

VÅR: Snøklokkene prydar Jæren. Både her og størstedelen av landet kan glede seg over at våren er på veg.

VÅR: Snøklokkene prydar Jæren. Både her og størstedelen av landet kan glede seg over at våren er på veg.

Foto: Audhild Adele Vold

Dei neste tre vekene ser lovande ut for vinterleie nordmenn – i alle fall om ein ikkje held til i vår nordlegaste landsdel. Her må ein smørje seg med tolmod ei stund til.

Men for resten av landet ser det betre ut:

– No er det endeleg litt vår i sikte, seier statsmeteorolog Marit Berger.

Medan krokus og snøklokker, berre flekkar og fuglesong får fram vårkjensla i mange av oss, er Berger klar på kva som er det sikraste vårteiknet for henne og meteorolog-kollegaene.

– At vi sluttar å sende ut farevarsel om snø, flirer ho.

At temperaturane bikkar ti grader, er eit anna godt teikn. Og det har det allereie gjort fleire stader i landet, fortel meteorologen.

Krokus

Krokusen er eit vårteikn å kikke etter.

Foto: Veeraya Bochoun / Veeraya_Bochoun

Våren kan verte mildare enn vanleg

Mars, april og mai kan verte mildare enn normalt. Det syner forskingsinstituttet NORCE sine prognosar.

Manuel Hempel ved NORCE seier til Dagbladet at det også ser ut til å verte mindre nedbør i Vest-Noreg i mars. Det er heller ingen teikn til langvarige kuldeperiodar.

Prognosane er samanlikne med gjennomsnittet over ein 30- årsperiode.

Varselet for dei tre neste vekene syner at Oslo og Bergen har plussgrader i vente. Men dei neste dagane må heile Sør-Noreg belage seg på ein del regn.

Medan vestlendingane kan glede seg over at nedbøren gir seg til helga, må austlendingane halde på paraplyen også laurdag og søndagen.

Paraplyer i regn på Karl Johans gate i Oslo

Austlendingane får regn over helga.

Foto: NTB

Trøysta er at nedbøren kjem som regn i låglandet, medan den kjem som snø i høgfjellet.

For Midt-Noreg og Trondheim sin del, er det også stort sett plussgrader i vente fram til 20. mars.

– Det er gode moglegheiter for å kome over ti grader denne og neste veke, seier meteorologen.

Det vil også halde seg ganske tørt.

Nordlendingane må vente litt lenger på våren. Her vil temperaturane gå nedover og hamne på minussida i midten av mars. Dei tre neste vekene er det også venta ein del nedbør.

Pollensesongen i gang

Ikkje alle er like begeistra over at våren er i anmarsj.

For med årstida kjem også pollen som spreier seg frå sør og vest til resten av landet.

Når det blir varmare og sola står på, då ser vi at pollenvarsla registrerer pollen i lufta, seier allergisjukepleiar Ingvild Gaare-Olstad i senter for astma, allergi- og overfølsemd.

Bjørkepollen i Botanisk hage

Ein allergivaksine kan vere den beste løysinga for dei som er mest plaga av pollenallergi.

Foto: Amanda Iversen Orlich / n650143

Men det er hjelp å få for dei som slit med kløe og rennande auge. Både nasespray, augedropar og allergitablettar kan vere god nytte i.

For dei som har størst problem, kan løysinga derimot vere allergivaksine, som i beste fall kan kurerer allergien.

Les også Allergivaksine gav Martine nytt liv

Martine Bye

Gaare-Olstad anbefaler å starte behandlingane før pollen blir spreidd utover.

Hagearbeid snart i vente

For dei som kjenner at det klør i fingeren etter å jobbe med hagearbeid, så kan ein starte kultivering innandørs i mars.

Både tomat og ei rekkje blomar kan ein gå i gang med inne og flytte dei ut etter kvart, fortel Anders Røyneberg og Erik Schjerven.

Duoen har skrive fleire bøker om hagar og plantar.

No gler dei seg over at våren er i anmarsj.

– Å sjå blåveis og hestehov, det er vi veldig glade over. Det er nok mange som gler seg til våre etter ein svært lang og kald vinter, seier Schjerven.

Blomer og grønsaker veks i potter.

Snart er tida inne for å byrje og plante innadørs.

Foto: arcticgardener