Hopp til innhold

Var i avhøyr hos politiet

Generalsekretær i Senterpartiet, Knut M. Olsen, er allereie avhøyrt av Økokrim.

Knut M. Olsen

HAR VORE I AVHØYR: Knut M. Olsen, generalsekretær i Sp har vore i avhøyr hjå politiet.

- Om eg skal karakterisere det som noko, så vil eg seie det var uverkeleg, seier Knut M. Olsen til dn.no .

Etterforskar partiet

Liv Signe Navarsete

FÅR KRITIKK: Senterpartileiar Liv Signe Navarsete får kritikk for måten ho er leiar på.

Foto: Roald, Berit / Scanpix

Økokrim dukka plutseleg opp i resepsjonen hjå Senterpartiet. Men etterforskarane skal ha fått tilgang til alt dei bad om.

Årsaka til at Økokrim dukka opp hjå partiet er sjølvsagt for å sikre bevis i den mykje omtala partistøttesaka. Partileiinga og statsrådar var på plass då politiet kom.

Fekk alt dei bad om

Det var onsdag at Økokrim valde å gå til etterforsking av partiet og dei 700 000 kronene partiet fekk av to kraftselskap før valkampen i 2009.

Olsen seier til Dagens Næringsliv at det sjølvsagt også omfattar det interne partinotatet som skildrar heile fornybarprosjektet. Avisa er blitt nekta innsyn i dette notatet.