Valstyret møtast onsdag

– Fylkesvalstyret for Sogn og Fjordane og Hordaland skal møtast digitalt i morgen klokka 17, og vi regner med at det meste for Sogn og Fjordane sin del blir avgjort i morgon kveld, seier fylkesordfører i Vestland og leiar i valstyret, Jon Askeland.

På grunn av talet på røyster vil det gå litt lenger tid for Hordaland sin del. Valstyret har lagt opp møte kvar dag fram til laurdag.