Hopp til innhold

Vaktselskap passar på pelsdyra

Pelsdyrbonde Odd Magne Støyva har hyra inn vaktselskap for å hindre at dyrevernarar tek seg ulovleg inn og uroar pelsdyra.

Odd Magne Støyva har hyra inn vaktselskap for å passe pelsdyra

PELSDYR: Ogg Magne Støyva likar ikkje at dyrevernarar tek seg inn i pelsdyrfarmen hans.

Foto: Jan Nik. Hansen/Firda Tidend

Dette skriv avisa Firda Tidend. Pelsdyrbonden frå Gloppen har fleire gonger opplevd at dyrevernarar har teke seg ulovleg inn til dyra, mellom anna for å ta bilder.

I fjor opplevde han i tillegg at tjuvar stakk av med 655 skinn , til ein samla verdi av mellom 600.000 og 700.000 kroner .

Avtale med Securitas

No vil han ha slutt på at uvedkomande tek seg inn i pelsdyrfarmen.

-No har eg inngått avtale med Securitas om jamleg tilsyn med persdyrhagen og garden, seier han til avisa. I tillegg til å ha mellom 2000 og 3000 pelsdyr, har Støyva 40 storfe og 300 vinterfora sauer.

Lei dyrevernarar

Eg er svært lei desse dyrevernarane. Dei driv med trakassering. Pelsdyr er ikkje noko anna enn dyrehald, seier han. Det høyrer med til historia at dyrevernarane som tok seg inn i farmen til Støyva fann to skadde pelsdyr. Den eine med skadd fot og den andre med skadd haletipp.

LES OGSÅ: – Skam dere, pelsbrukere!