Hopp til innhold

Slutta å farge det grå håret: – Ville gjere det lettare for meg sjølv

Då Anne Gine Hestetun la ut bilete av si nye, grå frisyre, fekk ho massiv respons.

Anne Gine Hestetun etter ho blei grå i håret.

NY FRISYRE: Gruppeleiar i Arbeiderpartiet, Anne Gine Hestetun, med si nye frisyre.

Foto: Privat

– Eg slutta å farge håret fordi eg var lei av det og ville gjere det lettare for meg sjølv, seier Anne Gine Hestetun.

Ho la nyleg ut eit bilete av si nye, grå frisyre på Facebook.

Då gjekk det varmt i kommentarfeltet til den tidlegare fylkesordføraren i gamle Hordaland fylke.

Biletet til Hestetun har fått over tusen likarklikk og over tre hundre har kommentert støttande ord.

Skjermdump av kommentarfelt på Facebook
Foto: Skjermdump / Facebook

Fleire av kommentarane handlar om at det er «tøft» og «modig» av henne å la håret bli grått.

Anne Gine Hestetun etter ho blei grå.
Anne Gine Hestetun før ho blei grå i håret.

OVERGANG: Anne Gine Hestetun før og etter ho lot håret bli grått.

PRIVAT/NRK

– Dette er ei utfordring for veldig mange når dei kjem i ein viss alder, og mange kvir seg for denne prosessen, seier ho.

Hestetun opplever at mange gir positiv tilbakemelding på at nokon tør å vise fram det grå håret.

Idealiserer ungdom

– Vi lever i ein kultur som jamstiller skjønnheit og ungdom med med eit godt liv. Vi har for lite fokus på kvifor det er vakkert å bli eldre, seier Anna Helle-Valle, som er psykolog og dagleg leiar i stiftinga Siste kapittel.

Fokuset kan gjere noko med kvinner si oppleving av kva deira verdi er, ifølgje psykologen.

Ho trur dette gjer at mange kvir seg for å bli grå i håret

– Det skjer ei endring i oss som handlar om at vi blir eldre, og som kan minne oss på at vi kjem nærare døden, seier ho.

Det kan vere skremmande, ifølgje psykologen.

Kvinne ser rett i kameraet foran en rød bakgrunn

ULIKE SYN PÅ GRÅTT HÅR: – For nokon er det tabu, for andre er det flott og vakkert, så eg trur der er veldig ulikt korleis kvinner opplever grått hår, seier psykolog i Etat for sjukeheim i Bergen kommune, Anna Helle-Valle.

Foto: Jon Herstad

Den type respons som Hestetun har fått, vitnar om at vi søkjer det som er ekte, ifølgje psykologen.

– Når nokon viser at dei blir eldre, får grått hår og rynker, så skaper det kontakt og vi kjenner oss litt nærare kvarandre, seier ho.

Jakta på evig ungdom

– Det kom til eit punkt der eg tenkte «no er det nok, no gidd eg ikkje å farge det meir».

Margaret Ness Solheim frå Førde tok avgjerda i lag med frisøren sin i førre veke. Dei grå håra som har begynt å kome, skal få lov å vere i fred.

Solheim er einig med Heststun og Helle-Valle i at mange kvir seg for å slutte å farge håret.

– Eg trur det botnar i ei forventning om å vere ungdomleg. Å få grått er eit teikn på alderdom, seier ho.

Kvinne i grønn genser står utenfor et bygg og tar hånden gjennom håret

PROSESSEN ER I GANG: Dei grå håra som så smått har begynt å kome skal få vere i fred frå no av.

Foto: Ingeborg Grindheim Slinde / NRK

Fleire blei grå under pandemien

Frisør ved «Hair e vi» i Florø, Trude Halland Muri, såg at fleire valde å bli grå under pandemien.

– Vi merka ei lita auke på dei som ville la håret bli grått, men dei aller fleste fargar håret.

Ho ser likevel at dei som først har blitt grå, synest det er ei lette, og at få går tilbake til farga hår.

Margaret Ness Solheim er i alle fall klar til å la naturen gå sin gang og la håret gradvis bli grått.

– Enn så lenge er det jo ikkje veldig grått, men om eit års tid er det nok annleis. Det blir spennande å følge den utviklinga, seier ho.