Hopp til innhold

Uvisst om røykskadde nokon gong blir friske att

Det er uvisst om dei hardast røykskadde etter brannen i Gudvangatunnelen nokon gong blir heilt friske att.

Olav Lødemel

OVERLEGE: Olav Lødemel er anestesesioverlege og assisterande direktør ved Voss sjukehus.

Foto: Vågenes, Hallgeir / VG

Assisterande direktør ved Voss sjukehus, Olav Lødemel, var 5. august i fjor blant 200 tilsette som avbraut ferien for å hjelpe mange av dei over 70 evakuerte frå tunnelbrannen.

– Fleire pasientar som kom var oppegåande og ikkje særskilt påverka, så kom det etterkvart ein del pasientar som var svært påverka av sotskade og røykskade, seier han.

Hosta svarte klumpar

NRK fortalde i dag om den franske familien Louis som fem månader etter brannen framleis slit med seinverknader som klaustrofobi, angst og astma.

Familien Louis

SKADDE: Familien Louis frå Frankrike slit framleis med seinskader etter marerittet i Gudvangatunnelen i august i fjor.

Foto: Privat

Seinskadane kom nok ein gang for ein dag då dottera i familien nyleg fekk influensa.

– Ho hosta svarte klumpar med sot, så lenge etter ulukka. Det særs overraskande, nesten spektakulært. Eg skulle gjerne ha visst korleis lungene våre ser ut innvendig, fortalde Valerie Louis.

Mange har seinskader

Måndag kom det fram at analysar kan tyde på at mange av dei i tunnelen kunne unngått å bli forgifta dersom retninga på røyken ikkje hadde blitt snudd i tråd med beredskapsplanen.

Lensmann i Lærdal, Per Thomas Klingenberg, seier dei har avhøyrd 27 personar i dei 13 køyretya som stod att i tunnelen etter at brannen var sløkt.

– Nokre har psykiske vanskar. Dei går framleis til psykolog, og det kan dei måtta gjera i lang tid framover. Folk er blitt redde for tunnelar, for å vera i lukka rom, som heisar, fortalde han.

Haukeland vil følgje opp

Brann Gudvangatunnelen

RØYKFULLT: Røyken seiv tett gjennom Gudvangatunnelen.

Foto: Stine Larsen Ramsøy

Ved Voss sjukehus fortel Lødemel, som den aktuelle dagen var anestesilege, at det er uvisst om dei hardast røykskadde nokon gong vil bli friske.

– Eg skal vel ikkje svare for bombastisk, men vi veit ikkje heilt svaret på det. Det overraskar meg ikkje at det er langvarige plager etterpå, men eg har forstått det slik på lungeavdelinga på Haukeland at ein vil følgje dette opp over tid for å skaffe seg meir kunnskap om det, seier han.

Kalla tilbake frå ferie

Sjukehuset var i feriemodus då ein polsk semitrailer byrja å brenne i den over 11 kilometer lange tunnelen. I tråd med beredskapsplanen til akuttsjukehuset, vart 400 personar varsla.

Leitar i mørket

BRANN OPP: Vogntoget vart totalskadd i brannen.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

Av desse var 200 tilgjengelege og møtte på jobb for å ta seg av dei skadde frå Gudvangatunnelen.

– Vi hadde i praksis situasjon der vi fekk inn 20 pasientar samstundes og delte dei opp i legevakt og akuttmottak. Der var det eit akuttmedisinsk team som tok imot kvar einskild pasient og vurderte dei i høve til kva skader dei hadde, seier Lødemel.

Pågjekk over fleire timar

– Det var først og fremst pustevanskar som var problemstillinga. Dei var veldig prega av sot og nokre hadde vanskar med pust og dei overførte vi raskt til intensiv overvaking for behandling med reint oksygen og bronkoskopi der ein får sugd så reint og godt som mogleg, held Lødemel fram.

Mange av dei skadde var turistar, men Lødemel seier sjukehuset er vande med utanlandske pasientar og såleis hadde godt med språkkunnskapar.

– For oss var det ein situasjon som pågjekk over fleire timar, der vi fekk pasientar frå 1415 til fram mot 16-tida, avsluttar han.