Hopp til innhold

Takka for livet etter tunnelbrannen

Etter å ha gått i fleire kilometer i den røykfylte Gudvangatunnelen, vart Frode Pedersen (55) og dottera Celine (7) redda av Laila Morland og familien. I dag møtte dei kvarandre igjen.

Pressen fikk være til stede da Frode Pedersen (55) og datteren Cecilie (7) møtte igjen familien som tok dem inn i bilen sin og kjørte dem ut av den røykfylte Gudvangatunnelen i går. Det var Laila Morland og hennes familie som reddet de to, i tillegg til fire andre.
– Når jeg lukker øynene er jeg inne i tunnelen igjen. Jeg har forstått på legen at det vil ta lang tid å bearbeide dette, sier Pedersen fra sykesenga på Voss sjukehus. Han og datteren er i bedre form i dag.

SJÅ VIDEO: – Eg er så takksam, seier Frode Pedersen. I dag møtte han familien som redda han og dottera ut av Gudvangatunnelen måndag.

Frode Pedersen og Laila Morland

GOD KLEM: Frode Pedersen takkar Laila Morland for livet etter tunnelbrannen.

Foto: Christine Kongsvik / NRK

– Eg er så utruleg takksam at eg ikkje kan få sagt det med ord, seier Frode Pedersen, etter ein lang klem.

Laila Morland og hennar familie besøkte i dag Pedersen og dottera på Voss sjukehus. Det vart eit tårevått møte mellom dei to familiane.

Begge familiane hamna midt i branndramaet i Gudvangatunnelen måndag. Eit vogntog byrja å brenna, og tunnelen vart fylt med røyk.

Kring 80 personar vart evakuert frå tunnelen. I dag er 65 personar innlagde og får behandling på sjukehus. Helse Bergen opplyser om at tilstanden til ti av dei er alvorleg.

Fekk ikkje snudd

– Vi var på veg til hytta på Filefjell. Inne i tunnelen kom seks bilar i mot oss med blinkande lys, men eg forsto ikkje kva som hadde skjedd. Så kom det plutseleg veldig med røyk mot oss. Då kom panikken, fortalde Frode Pedersen til Dagbladet i går kveld.

Han fortel til NRK at fleire bilar snudde i panikken som oppsto, men at han sjølv ikkje fekk nok plass til å snu bilen.

– Det var ein bil framfor meg som rygga i min bil. Så eg var heilt låst, eg kunne ikkje komme nokon veg, fortel han.

Utan moglegheit for å snu bilen, såg Pedersen seg nøydd til å ta med seg dottera ut av bilen og byrje å gå mot tunnelopninga. Alt han tenkte på var å redde dottera.

– Eg mista ei dotter i kreft når ho var 12 år gamal. Denne gongen greidde eg det.

– Vanskeleg å pusta

Men flukta vart dramatisk. I den røykfylte tunnelen såg dei ingenting, og Pedersen fortel at han etter kvart byrja å miste kreftene.

– Vi hadde nesten fire kilometer igjen til utgangen av tunnelen, og vi hadde problem med å puste, fortel faren.

Redninga kom i form av Laila Morland og familien. Dei var også fanga i den vel 11 kilometer lange tunnelen.

– Vi vart veldig redde. Tunnelen vart fylt med røyk og folk byrja å hyle utanfor bilen. Det var skummelt, fortalde Laila Morland til TV 2 i går kveld.

Kolliderte med fjellveggen

Etter å ha hekta av campingvogna på bilen sin, fekk dei snudd og byrja å køyre dei vel seks kilometra ut av tunnelen mot Gudvangen. I stummande mørke og svart røyk.

– Vi heldt oss inne i bilen, vi hadde vatn og handkle med oss. Eg fortalde borna at vi måtte halde oss roleg, fortel ho til NRK.

Ho fortel at dei krasja i tunnelveggen fleire gonger. Håpet om å komma i tryggleik fekk dei då dei byrja å skimte lysa i taket og dei kvite stripene i vegen.

– Då kjente vi at dette vil gå bra.

– Dei redda livet vårt

Etter kvart oppdaga dei to personar som også var på veg mot utgangen. Det var Frode Pedersen saman med dottera.

Familien Morland tok dei inn i bilen. Gleda var stor då dei alle kom seg ut i sikkerheit.

– Eg byrja å lure på om bilen kom frå himmelen. Eg føler at dei redda livet vårt, seier Pedersen frå sjukesenga.

Seinare plukka familien også opp fire franske turistar. Då alle kom ut av tunnelen i tryggleik, var dei 11 personar og ein hund inne i bilen.