Hopp til innhold

Uvêret aukar – nær alle fjellovergangar stengde

Uvêret som herjar i fjella i Sør-Noreg. På Haukeliseter er 27 gjestar vêrfaste etter at vegen over fjellet blei stengd.

Søndag kveld er framleis nær alle fjellovergangar mellom vest og aust stengde.

Også over Filefjell er det kolonnekøyring søndag kveld. Kolonnen går mellom Seltatunnelen og Filefjelltunnelen, ei strekning på nesten 40 kilometer, ifølge Statens vegvesen.

Filfjell er den einaste fjellovergangen som open mellom aust og vest, men også her er det mykje vind og dårleg sikt.

Det er svært sjeldan kolonnekøyring over Filefjell.

– Det blåser godt og viss sikten blir veldig dårleg kan fjellet måtte stenge. Vi prøver å halde ope så lenge vi kan, seier trafikkoperatør i Statens vegvesen Kjetil Larsen.

Måndag er det venta at vêret vil roe seg.

Dei fleste fjellovergangane skal vurderast på nytt om dei kan opne måndag.

Vêret er meldt betre måndag, men ein del opprydding som må til før vi kan opne fjellovergangane, seier Larsen.

Vegvesenet må mellom anna rydde vegar som har snødd igjen og undersøke terrenget for snøskredfare.

Her kan du sjekke oppdaterte vegmeldingar frå Statens vegvesen.

I denne saka kan du lese om:

Trykk på lenkene for å hoppe i teksten

27 gjester er vêrfaste

E134 over Haukelifjell er inga unntak for det dårlege vêret. Der er vegen heilt stengd fram til i morgon. Inne på Haukeliseter fjellstove sitt ein gjeng kursdeltakarar som skulle ha dratt heim i ettermiddag.

– Slik det ser ut no vil vi ha 27 gjestar som blir vêrfaste fram til i morgon, seier arrangement- og marknadsansvarleg på Haukeliseter, Hennie Engedal Lindøe.

Lindøe fortel at det er store mengde snø som må ryddast på parkeringsplassen. Dei førbur seg på at det vil ta litt tid, men førebels er dei alle ved godt mot.

– Det plar å bli ganske hyggeleg stemning her på fjellstova når vegen er stengd, så vi får bere fyre i peisen og gjere klar litt varm sjokolade og brettspel mens vi ventar på nye oppdateringar, seier Lindøe.

Nedsnødd parkeringsplass ved Haukeliseter

Bilane på parkeringsplassen utanfor fjellstova på Haukeliseter er heilt nedsnødde.

Foto: Hennie Engedal Lindøe

Fem gjester er også vêrfast på Vatnahalsen høyfjellshotell ved Flåmsbana.

Gjestene som sit vêrfaste skulle ned til Flåm.

– Det har vore litt utfordrande gjennom heile helge. Vi lever med naturen og vêret kan tidvis gi litt utfordringar, seier dagleg leiar ved hotellet, Petter Andresen.

E16 Dovrefjell er opent. På rv. 9 Hovden- Haukelid er det kolonnekøyring.

Meteorologisk institutt melder om farevarsel for snøfokk i fjella i delar av Sør-Noreg.

Varselet gjeld fram til måndag morgon.

– Det er ein god del vind i vente i heile dag og i natt, og byene held også stand, seier Anne Solveig Andersen, meteorolog ved Meteorologisk institutt.

Stort snøskred i Nordland

Sjølv om det er fjellovergangane i Sør-Noreg det står verst til på, får også Midt-Noreg og Nord-Noreg merke vêret.

I Beisfjord i Nordland har det gått fire snøskred i løpet av morgonen og føremiddagen, melder Framover. Det siste skredet gjekk klokka 10.51, og blir beskriven som «svært stort», ifølgje Varsom.no.

Skred Nordland

Snøskred Beisfjord

Foto: Linn Asplin / geolog, Nordland fylkeskommune

Fylkesveg 7570 Beisfjordveien i Narvik kommune er stengt på grunn av skreda.

Rundt klokka 1830 opplyser geolog Linn Asplin at dei er i ferd med å opne vegen.

Skredet starta på 826 meter over havet. Maksimal hastigheit på snøskredet blei målt til 54,7 meter per sekund, og det varte i cirka 84 sekund.

– Klarar ikkje å gje dei tenestene vi skal

I Harstad har det i dag vore fleire hendingar som følgje av vêret. Mange vegar er stengde, og det er mykje snøfokk og dårleg sikt.

Statens vegvesen oppfordrar folk til å køyre forsiktig.

Heimesjukepleia i Harstad kommune varslar om forseinkingar og endringar på grunn av snøvêret. Det skriv dei i ei pressemelding.

– Vi klarar ikkje å gje dei tenestene som vi skal til alle på grunn av sterkt redusert framkomst, seier einingsleiar for aktivitet og heimesjukepleie, Hege Signete Fredheim-Kildal.

Kommunikasjonssjef i Harstad, Øivind Arvola seier til NRK at dei prioriterer brøyting til områda kor heimetenesta treng det mest.

– Vår førsteprioritet no er å sikre at heimetenesta kjem fram der dei melder om størst behov, seier han.

Harstad i snøvær.

I Harstad herjar snøvêret.

Foto: Henrik Einangshaug / NRK

Krevjande køyreforhold

I Nord-Noreg elles er det venta at vinden vil auke opp.

Sterk vind og snø gir utfordringar i deler av Sør-Troms, Ofoten og Vesterålen, melder Meteorologisk institutt.

Sterk vind og snø gir utfordringer i deler av Sør-Troms, Ofoten og Vesterålen i dag. Det meldes om snøfokk og vanskelige kjøreforhold flere stede. Beregn god tid og kjør etter forholdene!
Nedbøren og vinden skal avta utover kvelden! Les mer 👇
Foto: Meteologogene

Det er snøfokk og vanskelege køyreforhold fleire stader.

Berekn god tid og køyr etter forholda, oppmodar Meteorologane på X.

Sjåførar som skal ut på vegane i Trøndelag og Helgelandskysten kan vente seg mykje vind og nedbør.

Her er det stor snøskredfare, og det er stor fare for at det kan kome skred i vegbana. Statens vegvesen melder at det blir krevjande føreforhold.

I Midt-Noreg er det glatte vegar og fare vassplaning. Sjå oppdaterte trafikkmeldingar her.

Fleire av vegane som har vore stengde grunna ras eller rasfare i Sør-Noreg, har opna att. Men framleis er det fleire stengde vegar grunna ras.

Mellom anna gjeld dette Bruvikvegen på Osterøy i Vestland, samt Menes i Vetlefjorden.

Fleire av ferjesambanda som har vore ute av drift grunna uvêr, går som normalt att. Dette gjeld mellom anna ferjesambandet fv. 550 Utne-Kinsarvik i Ullensvang.

Vinden stenger skitrekk

Mykje vind i fjella har også sett ein dempar for helgas vintermorro.

Mye vind har tvunget skitrekk i Rogaland til å holde stengt. I Røldal står heisen stille i snøfokket.

Mykje vind har tvunge skitrekk til å halde stengt. I Røldal står heisen stille i snøfokket.

Foto: Webcamera / Røldal skisenter

Blant skitrekka som held stengt er Sirdal skisenter, Ådneram skitrekk, Fidjeland skitrekk og Røldal skisenter.

– Det er ein kraftig vind på toppen av trekket. I botnen av bakken er det ikkje så mykje vind og kram snø, men det er skikkeleg snøfokk på toppen, seier Ånen Ådneram i Ådneram skitrekk.

Han trur fleire var førebudd på at skia måtte bli ståande denne helga.

Det var nemleg forholdsvis lite folk som reiste til fjells, seier han.

– Det er alltid ei helg eller to i året der vi må stenge på grunn av dårleg vêr. I år blei denne helga ein av dei, seier han.