Hopp til innhold

Uvêr stengjer fleire fjellovergangar

Kraftig vind og til dels kraftige regnbyer har siste timane sett sitt preg på Sogn og Fjordane. Det har også fått følgjer.

Tre sperra E39

SPERRA VEG: Kraftig vindkast knekte treet godt oppe på stammen, slik at det la seg over eine køyrebana på E39 gjennom Jølster.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Det har i natt vore opp til sterk storm utsette stadar i fjellområda i Sør-Norge.

I Sogn og Fjordane ser det meste ut til eigentleg å ha gått greitt føre seg i nattetimane, om ein ser vekk frå stengde vegar.

Stengt, stengt, stengt

For det er stengt på fylkesveg 55 over Sognefjellet. Det er stengt på fylkesveg 13 over Gaularfjellet, medan det er kolonnekøyring over Hemsedalsfjellet og Vikafjellet. Strynefjellet er opna for fri ferdsle.

– Vikafjellet blir ikkje opna før tidlegast midt på dagen, og det bles veldig godt oppe på Hemsedalsfjellet så kolonna vil truleg halde seg ei stund til, seier vaktoperatør Jan Erikstad ved Vegtrafikksentralen i Lærdal.

På riksveg 5 vart MF «Årdal» tvungen til å legge til kai i Lærdal, framfor Fodnes. Her kjem ferjesambandet i drift att frå 0750.

(Artikkelen held fram under biletet)

Mannheller ferjeleie like over midnatt

VIND: Slik såg det ut ved Mannheller ferjeleie like over midnatt natt til torsdag.

Foto: Ingvar Torsvik Myrvollen

Trenedfall stengjer veg

Skredestranda var nyleg stengt i ei veke grunna ras . Natt til torsdag vart det på nytt stengt, då eit stort tre velta og la seg over vegbana. Vegen vart meldt opna i 06-tida.

I morgontimane låg det også ein stor stein midt i vegen på Almenningsfjellet i Vågsøy. Denne er no fjerna.

– Fylkesveg 183 stengt på grunn av oppryddingsarbeid etter at nokre tre la seg over vegen mellom Fresvik og Svida i Vik. Det er også ein del småvegar som har hatt problem med trenedfall, seier Erikstad.

Sikra båt med gravemaskin

Tre sperra også i ein kortare periode E39 mellom Moskog og Eikås i Jølster. Meldinga kom i 22.30-tida onsdag kveld. Like før tikka tilsvarande melding inn frå Gloppen og fylkesveg 700 mellom Vereide og Andenes.

Like over midnatt sleit ein 50-fots turistbåt seg på Oldevatnet. Denne vart sikra av eigar ved hjelp av ei gravemaskin.

Mista straumen

Mørklagt Sogndal sentrum

MØRKLAGT: Sogndal var ein av fleire stader som onsdag kveld og i natt var utan straum.

Foto: Thor Kristian Sortevik

Vidare opplyser Brannalarmsentralen at det har vore lengre og fleire straumbrot fleire stader i fylket. Sogndal, Lærdal, Leikanger, Selje, Stryn og Olden har alle måtte klare seg utan straum, men i hovudsak skal desse ha fått att straumen.

I morgontimane får NRK.no opplyst at deler av Balestrand kommune framleis er utant straum.

Frå Florø Radio får NRK.no opplyst at heller ikkje dei har fått særskilt med meldingar frå natta.

– Dei fleste som ikkje har hatt noko å gjere på sjøen, la til kai før uvêret sette inn, opplyser vakthavande.

Flyg som normalt

Medan det i fjellet er så kraftig vind at fjellovergangar er stengde, virkar flytrafikken til og frå Sogn og Fjordane til å gå som normalt.

Einaste endring i flytidene finn ein på Sandane Lufthamn Anda, men dette er ikkje grunna vêret. 0655-avgangen til Bergen er utsett til 0815 grunna manglande mannskap.

Kraftig vind

Ifølgje Meteorologisk institutt vinden halde seg kraftig utover torsdagen, med nordvest sterk kuling, periodevis full storm på kysten i nord.

Det blir regnbyer, men nedbøren kjem som snø over 300–600 meter.

I ettermiddag vil vinden minke til nordvest frisk bris, i kveld dreiande vestleg. Det er venta enkelte regnbyer, der nedbøren vil komme som snø over 200–500 meter.

Slik er situasjonen klokka 08:

  • Riksveg 13 Vikafjellet. Kolonnekøyring på grunn av uvêr.
  • Riksveg 52 Hemsedalsfjellet. Kolonnekøyring på grunn av oppryddingsarbeid. Er venta opna frå klokka 12.
  • Fylkesveg 13 Gaularfjell. Stengt på grunn av uvêr.
  • Fylkesveg 53 Årdal - Tyin. Open for fri ferdsel etter oppryddingsarbeid.
  • Fylkesveg 55 Sognefjellet. Stengt på grunn av uvêr.
  • Fylkesveg 183 Fresvik, på strekkja Svida - Fresvik. Stengt på grunn av oppryddingsarbeid.
  • Fylkesveg 630 Husum - Lo, Nedre. Stengt på grunn av steinras. Blir ikkje opna i dag.