Hopp til innhold

Heile kommunen var utan straum

Heile Lærdal kommune var onsdag ettermiddag utan straum i over halvannan time. Eit tre over linja skapte trøbbel for både innbyggjarar og bilistar.

Stummande mørkt i Lærdal etter straumbrot

MØRKT: Det var stummande mørkt i Lærdal kommune i over halvannan time onsdag ettermiddag.

Foto: Bente Øien Hauge

Bente Øien Hauge var ein av innbyggjarane som plutseleg var sitjande i stummande mørke onsdag ettermiddag.

– Eg sat i eit møte på Lærdalsøyri, og plutseleg vart det heilt mørkt. Det var eit lite blaff av lys, men så vart det mørkt att, seier ho.

Då NRK snakka med ho klokka 18.10 var straumen akkurat komen tilbake.

– Men den har vore vekke i nær to timar, seier ho og seier ho og legg til:

– Det var nesten ingen i sentrum. Det var stearinlys og slike naudlys og exit-skilt som lyste. Det var nesten litt spøkelsesstemning, seier Øien Hauge.

Tre la seg over linja

Per Gullaksen er dagleg leiar i Lærdal Energi som forsyner kommunen med straum. Han seier til NRK.no at dei har funne feilen og jobbar med å rette den.

– Det ser ut til at det er eit tre som har lagt seg over høgspentlinja, seier han til NRK.no klokka 18.30.

– Per no har vi kontroll over situasjonen. Vi har kopla om nettet slik at vi forsyner Lærdal via ei anna forsyningslinje. Vi vil no rette opp feilen og kople over til normal drift igjen, seier han.

Han seier heile Lærdal, frå området ved Ljøsne og ned til Vindedalen var utan straum.

– Grunnen til at det tok så lang tid å få straumen tilbake var at vi måtte få oversikt over situasjonen. Det er veldig dårleg vêr og sterk vind, så vi visste ikkje med det same kor feilen var, seier han til NRK.no.

Lærdalstunnelen på E16 måtte stengje på grunn av straumbrotet. Verdas lengste vegtunnel vart lagt i stummande mørke, og det var heller ikkje mogleg å køyre viftene i tunnelen. Tunnelen var stengd frå klokka 16.25 til ca. 18.10.