Til mange si store lette lanserte regjeringa nyleg ein tiltakspakke på rundt 5 milliardar kroner for å hjelpe folk med straumrekninga.
Men norske studentar i utlandet er førebels ikkje omfatta av ordninga, trass i at mange slit med langt høgare straumprisar enn i Noreg.
Det kan Lykke Celine Winther-Bay skrive under på. Ho studerer i Amsterdam, og fekk hakeslepp då ho opna den siste straumrekninga.
– Eg fekk heilt sjokk, den hadde firedobla seg sidan den førre rekninga.
Nederlandsk straumrekning frå juli og november
Nesten dobbelt så dyrt
Straumprisen i Nederland har den siste tida vore mellom to til tre gongar dyrare enn i til dømes Oslo eller Bergen. Det kjenner Winther-Bay på lommeboka.
– Me har godt med klede på oss innandørs, dusjar på treningssenter og brukar ikkje tørketrommelen. Eg veit om fleire som har avslutta studiane og reist heim til Noreg og hatt digital undervisning, seier Winther-Bay.
– På grunn av straumprisane?
– Alt har ein påverknad. Dette var siste dropen i glaset.
UTVEKSLINGSSTUDENT: Lykke Celine Winther-Bay studerer i Nederland.
Foto: PrivatIfølge Winther-Bay har det vore tøffe tak for utvekslingsstudentar under pandemien.
– I starten av 2020 fekk me ikkje berre merka konsekvensane av pandemien, men òg oppleva korleis kronekursen kollapsa mot både euro og dollar. No er det dobbel krise med både covid og skyhøge straumprisar, seier statsvitskapsstudenten.
Ho er skuffa over at utvekslingsstudentar ikkje får hjelp til straumrekninga av regjeringa.
– Det burde vore ein gåvepakke også til studentar i utlandet. Studiestøtta er allereie altfor liten, og me burde blitt tilbode hjelp i ein sånn situasjon, seier Winther-Bay.
– Vi treng hjelp
I dag er det rundt tolv tusen norske studentar i utlandet, dei fleste i Europa, der fleire land opplever svært høge straumprisar.
Mange utvekslingsstudentar slit no med å få endane til å møtast, fortel president i Ansa, foreininga for norske studentar i utlandet, Sebastian Hytten.
– Vi må finne ei løysing for utanlandsstudentar som opplever ein svakare kronekurs, mangelfull inntekt og høge straumrekningar. No kjem det nedstengingar på toppen, så vi treng rett og slett hjelp.
TRENG HJELP: Norske utvekslingsstudentar treng hjelp med straumrekninga, meiner Sebastian Hytten, president i Ansa.
Foto: PrivatStudentar i utlandet kan ikkje jobbe i utvekslingslandet, fordi dei då vil miste plassen i folketrygda. Då vil ein heller ikkje kunne søke om støtte frå Lånekassen.
Mange er difor avhengige av å jobbe når dei kjem heim til Noreg i feriar.
– Koronatiltaka gjer at mange bransjar studentar vanlegvis jobbar i, ikkje har like mange jobbtilbod, som til dømes restaurantbransjen, seier Hytten.
Lanserte straumhjelp for studentar
Etter å ha sagt nei tidlegare i haust, snudde regjeringa den 8. november og ville gi studentane straumstøtte.
Via Lånekassen kan studentar som kan dokumentere høge straumrekningar, søke om støtte på 3000 kroner, kor av 1200 kroner blir omgjort til stipend.
Ifølge Hytten er ikkje dette godt nok.
– Når dei lanserer ein krisepakke for studentar, så må ein ta omsyn til at ikkje alle studentane held til i Noreg. Studentane er den einaste gruppa som får hjelp i form av lån, og det er ikkje rettferdig.
Ei løysing på problemet vil ifølge Hytten kunne vere å gjere heile straumstøtta om til stipend.
Får støtte i 2022
NRK har forsøkt å koma i kontakt med forsking- og høgare utdanningsminister, Ola Borten Moe, men utan hell.
HJELP KJEM I 2022: Seniorrådgjevar ved Kunnskapsdepartementet, Martin Brynhildsrud Andersson.
Foto: UDISeniorrådgjevar i Kunnskapsdepartementet, Martin Brynhildsrud Andersson, skriv i ein e-post til NRK:
– Straumlånet, med stipend, frå Lånekassen er den støtta vi har som berre er retta mot studentane. Norske studentar i utlandet vårhalvåret 2022 vil òg kunna få denne, opplyser Kunnskapsdepartementet.