Hopp til innhold

Utforkøyring i Sogndalsdalen – vanskelege køyreforhold på vegane

I Sogndalsdalen har ein bil køyrt av vegen. Snø og slaps skaper utfordringar over store delar av fylket.

Utforkøyring i Sogndalsdalen

BIL I GRØFTA: Ein førar i Sogndalsdalen trengte hjelp for å få bilen på rett kjøl.

Foto: Rune Fossum / NRK

Vegtrafikksentralen melder om snø og slaps på vegane rundt om i fylket. I Sogndalsdalen måtte ein førar få hjelp frå ein bergingsbil, etter at han hamna utfor vegen på det sleipe føret.

Vêret skapar problem også på fjellovergangane våre. Akkurat no er desse vegane stengde på grunn av uvêr:

  • Sognefjellet er stengt og blir ikkje opna i dag.
  • Vikafjellet er stengt. Ny vurdering i dag klokka 10:00.
  • Fylkesveg 92 er stengt på strekninga mellom Stordalsstølen og Bjordalen i Høyanger.

Elles er Aurlandsfjellet vinterstengt og Gaularfjellet stengt på grunn av oppryddingsarbeid.

Mykje tyder på at dette berre er ein forsmak på kva som er i vente. Det er meldt meir ruskevêr i dagane som kjem.

LES OGSÅ: Dette betyr ruskevêr og trøbbel på tysdag

Snødriv ved Kjøsnesfjorden

DET SNØR: Snø og slaps har skapt vanskelege køyreforhold over store delar av fylket, som her i Kjøsnesfjorden.

Foto: Rune Fossum / NRK