Hopp til innhold

Utbyggingsplan splittar ekstremsportbygda Voss: – Kommunen lar seg «rævkøyre»

Både «Kompani Lauritzen» og Ekstremsportveko held til på Bømoen, som også er eit viktig turområde. No har Voss formannskap sagt ja til omstridd næringsutbygging der.

Knut Karevoll (t.v.) og Sp-ordførar Tonje Såkvitne (t.h.) på turveg på Bømoen i Voss.

BITTER STRID: Knut Karevoll (til venstre) og Sp-ordførar Tonje Såkvitne (t.h.) er svært ueinige om utbyggingsplanane i turområdet på Bømoen i Voss.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

– Det er forferdeleg. Kommunen er altfor tafatt. Dei lar seg «rævkøyre» av private, meiner Knut Karevoll.

Han og kona luftar hunden på turvegane på Bømoen i Voss, og passerer ordføraren som står og blir intervjua av NRK.

– Det er nok litt høgare temperatur i denne saka enn det vi er vande med i Voss herad.

Det konstaterer ordførar Tonje Såkvitne. Senterpartipolitikaren er mellom dei som meiner Voss vil tene på å tillate noko utbygging av dette området.

Bømoen flyplass

Bømoen rett nord for Vossevangen består av flystripe, ein nedlagd militærleir, og furuskog med turvegar.

Foto: Anders Hauge

Ekstremsport og reality-TV

Flystripa, furuskogen og den tidlegare militærleiren Bømoen ligg tre-fire kilometer aust for Voss sentrum. Området er særleg kjent av to grunnar.

  • Flystripa er «livsnerven» for ekstremsportmiljøet på Voss. Både under Ekstremsportveko og elles i året er det her fallskjermhopparar, basehopparar og paragliderar kjem seg til himmels.
  • Den gamle leiren er innspelingsstad for TV2-serien Kompani Lauritzen.

I tillegg er «moen» eit viktig nærturområde for vossingane.

Men ein tolv år gammal strid om Bømoen har no spissa seg til og blitt ekstra bitter.

Deltakerne i Kompani Lauritzen 2021 på oppstillingsplassen.

Her er den første troppen som spelte inn reality-serien «Kompani Lauritzen». Dei har også brukt Bømoen.

Foto: Matti Bernitz/TV2

Næringsutbygging

For 16 år sidan vart militærleiren lagd ned. Sidan 2012 har spørsmålet om Bømoen splitta vossingane.

Då det gamle militærområdet skulle seljast, bestemte kommunen seg for å ikkje kjøpe.

I staden fekk lokale investorar tilslaget på 3 kvadratkilometer med leir, flyplass og furuskog med mange turvegar.

Dei siste tolv åra har planane vore mange, og motstanden mot dei stor.

Bømoen leir, Voss herad

Bømoen leir vert no mellom anna nytta til å spele inn realityserien til TV 2.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

No vil Bømoen AS ha lov til å bygge ut kring ein tredel av området med næringsverksemd, campingplass og hotell.

Motstandarane meiner eit uvurderleg friluftsområde vert øydelagd, og er redde for luftsportsaktiviteten på Bømoen. At sjølve sjarmen med Voss står i fare.

Truslar og mistru

Lokalavisa har vore full av lesarinnlegg som argumenterer for at Bømoen må bevarast.

– Det som står på spel er at Voss står i fare for å miste sitt aller viktigaste natur-, friluft- og rekreasjonsområde.

Det seier Ragna Elise Berre. Ho er styremedlem i Voss naturvernlag, aksjonist for Bømoen og ei av dei som er på joggetur under furukronene denne dagen.

– Men det er klart at saka splittar Voss. Det blir litt betent fordi det er så sterkt engasjement. Ein må trø litt varsamt, seier den innflytta vossingen.

Tom Shorten hoppar i fallskjerm med norsk flagg på Voss

Eit fallskjermhopp over Vossevangen 17. mai i år.

Foto: Morgan Mackay / Voss fallskjermklubb

– Luftsporten i fare

Eit trugande skydekke gjer at Andreas Håland Heimli ikkje får sendt fallskjermhopparane sine opp frå flystripa denne dagen.

Det er ikkje det einaste som kastar skugge over Voss Fallskjermklubb for tida.

Heimli har i årevis vore i konflikt med dei som eig grunnen rundt han.

Andreas Håland Hemli, dagleg leiar, Voss Fallskjermklubb

Andreas Håland Heimli er dagleg leiar i Voss Fallskjermklubb.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Han fryktar for Voss sin status som eit mekka for ekstremsport.

– Skogen her, der vi har telt og camping, vil dei ha vekk. Naturen er den store taparen her.

Leiaren av fallskjermklubben seier mange opplever framgangsmåten til selskapet Bømoen AS som ufin.

NRK har snakka med Bømoen AS, men dei vil ikkje stille til intervju eller kommentere noko av kritikken.

Flyplassen på Bømoen

Flyplassen på Bømoen er sentral for luftsporten i heradet.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Søker kompromiss

Torsdag handsama formannskapet i Voss herad utbyggingsplanane.

Dei gjekk inn for utbygging, med fem røyster mot fire.

Med andre ord er det heilt uavklart kva som vert resultatet når heradsstyret endeleg bestemmer saka komande onsdag.

Ordførar Såkvitne fryktar at saka ikkje vil roe seg sjølv etter den politiske avgjerda.

Ho seier ho vil gjere det ho kan for å jobbe fram eit kompromiss innan møtet.

– Me har to ytterkantar. Så håper eg me klarer å komme til dialog. Vi må finne ei løysing som flest mogeleg kan stille seg bak, til det beste for bygda.

– Er du redd splittinga vil halde fram?

–Det trur eg vil skje om me ikkje klarer å snakke saman og dra ned debatten til eit roleg nivå.

Ordførar Tonje Såkvitne (Sp) i Voss, på turveg på Bømoen.

Den nyvalde ordføraren Tonje Såkvitne møter krass motstand frå turgåarar på Bømoen.

Foto: Agnieszka Iwanska / NRK