Hopp til innhold

Militærleir med flystripe til sals

For 52 millionar kan Bømoen leir bli din. – Prisen er ikkje det avgjerande, seier seljaren.

Bømoen leir

Bømoen leir på Voss er på heile 2000 dekar og det står 63 bygg på leirområdet.

Foto: Forsvarsbygg Skifte Eiendom

I 1898 stod dei første bygga på Bømoen militærleir på Voss klare. Fleire bygg, skytebane og flystripe har i løpet av dei siste hundre åra kome til, og bygningsmassane er no på 20.000 kvadratmeter.

I 2008 blei Bømoen leir nedlagt. Sidan nedlegginga har Forsvarsbygg Skifte Eigedom vore eigar av leiren, men no ønskjer dei ikkje å eiga den tidlegare militærleiren lenger.

– Når leiren er lagt ned så er det ikkje hensiktsmessig at eigedommen blir ståande igjen tom. Ut frå forkjøpsretten fekk kommunen tilbod om å kjøpa Bømoen. Når kommunen ikkje ønskjer å overta leiren så er det naturleg å legga eigedommen ut på den opne marknaden, seier prosjektleiar Knut Østhagen i Skifte Eigedom.

Bygda kom med innspel til vidare bruk

Den som måtte ønska å kjøpa Bømoen kan imidlartid ikkje bruka den gamle militærleiren på kva som helst måte. Saman med Voss kommune har Skifte Eigedom utarbeida ei moglegheitsstudie for Bømoen. Innbyggarane i Voss blei då invitert til å komma med innspel til kva dei meiner Bømoen bør brukast til.

– Når ein kjøper ein eigedom er det alltid slik at ein må forholda seg til reguleringsetaten sine føringar. Her har reguleringsetaten vore med og utvikla moglegheitsstudien og det er då lagt inn føringar som ein kjøpar må forholda seg til, forklarer Østhagen

– Me trur føringane vil vera i tråd med det ein ny eigar vil ønska å bruka leiren til.

Konklusjonen frå moglegheitsstudien er at det er ønske om noko bustadverksemd, noko næringsverksemd, moglegheiter for rekreasjon og at lysløypa skal oppretthaldast.

Mange har vist interesse

Bømoen leir omfattar 63 bygningar, der 28 av desse er verna. Det er også fotballbane, turløype og eiga flystripe på området som høyrer til leiren.

Bømoen blir bomba i 1940

Bømoen leir er over 100 år gammal. I 1940 blei Bømoen bomba.

– Voss kommune har ein festeavtale med Forsvarsbygg om flystripa som utgår i 2023. Me ønskjer at den nye eigaren sjølv skal få bestemma kva Bømoen skal brukast til, difor går leigeavtalane på bygg ut ved årsskiftet, seier Knut Østhagen.

Skifte Eigedom er allereie blitt kontakta av fleire som har meldt interesse for leiren, og dei har sendt prospektet for eigedommen til over 50 personar. Dette er både folk som bur ikkje så langt frå Bømoen, og bergensarar og austlendingar.

Vil ikkje dela opp leiren

Prisantydning på leiren er 52 millionar.

– For oss er ikkje pengane som er det avgjerande. Det er viktig for oss å finna ein kjøpar som kan vidareføra utviklinga av staden i tråd med moglegheitsstudien som er gjort, seier prosjektleiaren i Skifte Eigedom.

– Så det kan bli aktuelt å selja leiren for mindre?

– Ja, pengane er som nemnd ikkje det som er avgjerande.

– Kan det vera aktuelt å dela opp området og selja til fleire?

– Me vurderte det, men har konkludert med at me ønskjer å bevara det i ei eining. Når den nye eigaren har fått regulert området ferdig vil det vera mogleg å dela opp eigedommen, seier Knut Østhagen.