Hopp til innhold

Brukte Donald som argument mot utbygging – Voss reduserer naturtap

Kraftig motstand reduserte utbyggingsplan for området til turgåarar, ekstremsportarar og «Kompani Lauritzen». – Trist viss Voss øydelegg merkevara og naturen sin.

Donald Duck, Vossevangen, Firkantfolket, Eggemysteriet (1963)

SETTE VOSS PÅ KARTET: I «Eggemysteriet» frå 1963 snakkar «firkantfolket» ei blanding av nynorsk og «vossamål». MDG-politikar Rasmus Hansson brukar no Donald-historia i debatten om nedbygging av natur.

Foto: Copyright: Disney

CO₂ i atmosfæren
426,9 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Voss heradsstyre vedtok torsdag ettermiddag å opna for næringsutbygging i delar av vossingane sitt viktigaste nærturområde, Bømoen.

Kraftig lokal motstand har likevel gjort at eit breitt fleirtal av «åtte og eit halvt» parti, frå Framstegspartiet til Raudt, reduserte området som kan byggast ut.

Natur- og friluftsinteressene vinn fram, og det blir knapt nye areal til næringsutvikling i Bømoen, oppsummerer avisa Hordaland.

Lokalt har engasjementet vore stort og protestane sterke.

Planane føyer seg inn i den nasjonale debatten om bit-for-bit-nedbygging av natur.

Fallskjermhopp, reality og turstiar

Bømoen ligg litt utanfor Voss sentrum. Det er ein tre kvadratkilometer stor flate med flystripe, ein nedlagd militærleir, og furuskog med eit nettverk av turvegar.

Både Ekstremsportveko og leiren til TV 2-serien «Kompani Lauritzen» nyttar Bømoen. Den gamle flystripa blir brukt til fallskjermhopping. Bømoen er også eit viktig nærturområde sommar og vinter.

No vil Bømoen AS, som eig området, ha lov til å bygge ut delar av området til næringsverksemd, campingplass og hotell.

Verdsberømt ekstremsportstad

Sist veke gjekk formannskapet i Voss inn for utbygging, med fem røyster mot fire.

Men også nasjonale politikarar har hive seg inn i diskusjonen om Bømoen.

– Bruken av det området er grunnlag for den ekstremsportprofilen som Voss er verdsberømt for.

Det seier Rasmus Hansson. Stortingsrepresentanten for Miljøpartiet dei Grøne sit i næringskomiteen på Stortinget.

– Den naturen gir grunnlag for eit veldig flott og heilt unikt næringsliv. Med mykje meir potensial for nye arbeidsplassar og ny glede som skaper velstand utan å øydelegge natur.

Rasmus Hansson i MDG

– Eg ber på vegner av heile Noreg at Voss no viser at det er lønsamt og lurt å satse på natur som grunnlag for næringsverksemd, seier Rasmus Hansson i MDG. 

Foto: Hallvard Norum

Les også Utbyggingsplan splittar ekstremsportbygda Voss: – Kommunen lar seg «rævkøyre»

Knut Karevoll (t.v.) og Sp-ordførar Tonje Såkvitne (t.h.) på turveg på Bømoen i Voss.

«Firkantfolket»

Han drar til og med Donald Duck inn i debatten.

«Firkantfolket» i Donald ville neppe sunge om Vossevangen viss det hadde vore ein flatsprengd næringspark der furuskogen og turvegane ligg nå, meiner MDG-politikaren.

På Vossevangen der vil eg bu,
der veks det kløver yver heia.
Der går kvar ungkar i blanke sko,
og med ein sylvknapp i trøya.

Frå Donald-historia «Eggemysteriet» (1963)
"Eggemysteriet" i Donaldutgåve frå 1963, der "firkantfolket" snakka nynorsk/vossedialekt.

På turvegane på Bømoen møter ein nok sjeldan «firkantfolk» som snakkar vossamål. Men nå har den gamle Donald-historia dukka opp som argument i naturtap-debatten.

Foto: Copyright: Disney

– Det er meir enn nok kommunar i Noreg som flatsprenger natur og friluftsområde for å bygge næringsareal som ingen treng. Er det ein kommune som burde vite betre, så er det Voss.

Heradsstyret i Voss vil gjere heile Noreg ei teneste viss dei tar omsyn til kva verdiar dei forvaltar, meinte Hansson før kommunestyremøtet.

Ministeren: – Ikkje alltid godt nok

NRK fortalde nyleg om ei anna utbyggingssak, der 1,8 kvadratkilometer skogsareal i Fredrikstad skal sprengast vekk for næringsføremål.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Sp) vil ikkje kommentere desse to sakene konkret, men skriv til NRK at han tykkjer sakene illustrerer dei vanskelege avvegingane lokalpolitikarane står i.

Bømoen flyplass

Bømoen er eit område på 3 kvadratkilometer aust for Vossevangen.

Foto: Anders Hauge

Bør arealpolitikken styrast nasjonalt i større eller mindre grad enn i dag?

Staten skal sjølvsagt stille krav, og det gjer vi òg. Til dømes har vi nyleg stramma inn krava til naturomsyn ved hyttebygging. Så er eg usamd med dei som meiner at kommunane skal bli fråteke ansvaret for å forvalte sine eigne areal.

Han trur ikkje meir statleg styring er ei løysing som vil stå seg over tid.

– Det er viktig at avgjerder om korleis vi bruker landet har forankring lokalt.

Eriksen understrekar likevel at kommunar skal ta omsyn til nasjonale og regionale interesser når dei vurderer lokal arealbruk

– Det er viktig at lokalpolitikarane veit nok om konsekvensane for naturen og andre omsyn. Saker den siste tida viser at avgjerdsgrunnlaget ikkje alltid er godt nok, skriv han.

Andreas Bjelland Eriksen (Ap)

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen meiner lokalt sjølvstyre er best, men at lokalpolitikarane står i vanskelege avvegingar og må ta omsyn til nasjonale interesser.

Foto: Amanda Iversen Orlich

Raudt: – Sett ned foten

Sofie Marhaug i Raudt er 2. nestleiar i energi- og miljøkomiteen på Stortinget.

Eg vil oppmoda lokalpolitikarane til å skrote gamle og naturfiendtlege planar. Vi må tørre å sette ned foten.

I tillegg er ho uroleg for at fattige kommunar blir tvinga til å ofre naturen for å få kommuneøkonomien til å gå opp.

Kommunar må bli påskjønna for å ta vare på naturen, og staten bør bli mykje strengare med dispensasjonar, meiner Marhaug.

MDG: – Øydelegg merkevara Voss

Hansson påpeikar at Voss er internasjonalt berømt for ekstremsport.

Voss har her ei fantastisk merkevare og eit strålande eksempel på korleis natur- og friluftsopplevingar gir grunnlag for god næringsverksemd og sunn økonomi, meiner han.

– Det ville vore veldig trist viss Voss øydelegg den merkevara og den naturen.

– Eg respekterer det politiske fleirtalet sin rett til å fatte sine avgjerder. Men eg trur det er veldig mange fleire enn meg som klør seg ordentleg i hovudet over at ein slik kommune set i gang og risikerer ein så unik og så verdifull profil og næring.

Ekstremsport og «Kompani Lauritzen» har gjort Bømoen til ein nasjonalskatt.

Rasmus Hansson (MDG)
Tom Shorten hoppar i fallskjerm med norsk flagg på Voss

Eit fallskjermhopp over Vossevangen 17. mai i år.

Foto: Morgan Mackay / Voss fallskjermklubb

Naturtap og lokalt sjølvstyre

Ordførar i Voss, Tonje Såkvitne (Sp), meiner kritikarane bommar.

– Det er heilt rett at Voss er ei stor merkevare både for friluftsliv, ekstremsportaktivitetar og andre ting, men Voss er òg ei bygd for alle. Det er mange ulike perspektiv på bygda vår. Det må vi folkevalde lokalt ha for auga.

– Nasjonale politikarar kan sjølvsagt meine det dei vil om ulike planforslag, men eg er veldig takksam for at det er dei folkevalde lokalt som har planmynde.

– Har det lokale sjølvstyret ført til ei bit for bit-nedbygging av landet, fordi det overordna perspektivet har svikta?

– Dei overordna omsyna viser veldig godt igjen i debatten rundt Bømoen-saka. Det er klart at dei nasjonale føringane og kunnskapsgrunnlaget har innverknad på våre vurderingar her lokalt. I denne saka har vi jobba i lang tid med konsekvensutgreiing og planen, seier Voss-ordføraren.

Kompromissvedtak

Formannskapet sa sist veke ja til utbygginga med knapt fleirtal. Sidan då har lokalpolitikarane jobba for å få til eit breiare kompromiss når heradsstyret no skulle ta endeleg avgjerd.

– Kompromisset tar vekk ein del av det som ligg i planforslaget, men varetar likevel næringa og gir litt rom for utvikling, sa Såkvitne før møtet.

Området tiltenkt hotell er fjerna. Også campingplass-arealet er kraftig redusert.

Faktisk skal også ein del av dagens næringsareal bli ført tilbake til natur, skriv Hordaland.

Områda som heradsstyret tok ut av den opphavlege planen frå Bømoen AS, er eitt område for næring, eitt for hotell, eitt for camping og eitt for lufthamn, to område for grustak, eitt for kombinert bygg/anlegg og eitt for lager. Desse blir sette av til friluftsliv.

Høgre og delar av Industri- og næringspartiet stemte mot å innskrenka utbygginga. Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) støtta fleirtalsframlegget etter at deira forslag om å avvise planforslaget ikkje fekk andre stemmer.

Ordførar Tonje Såkvitne (Sp) i Voss, på turveg på Bømoen.

Voss-ordførar Tonje Såkvitne har fått mykje krass motstand for planane om å opna delar av turområdet på Bømoen opp for næringsutbygging.

Foto: Agnieszka Iwanska / NRK

Bømoen AS eig 2,3 kvadratkilometer på Bømoen. I utgangspunktet ønska selskapet næringsverksemd på 30 prosent av arealet sitt og behalda 70 prosent som urørt natur.

Men også halvparten av dei 30 prosentane for utbygging har allereie noko inngrep.

Mykje makt og ansvar

Hansson i MDG meiner heradsstyret sit på mykje makt og ansvar når dei skal avgjere saka.

– Problemet for naturen er jo at eit bittelite fleirtal, ein eller annan gong i løpet av historia, kan bestemme seg for å øydelegge den. For naturverdiane betyr det eit «vere eller ikkje vere», for alltid.

– Natur må ein bevare kvart einaste år, men ein treng berre å øydelegge den éin gong.

– Her treng me nasjonal styring og ansvar for rettleiing til kommunar. Og støtteordningar som gjer det lønsamt for kommunar å ta vare på natur, i staden for å sprenge den i lufta.

Endring: 14. juni klokka 09.30 vart sitata frå avisa Hordaland lagt til.

Heidi Oskarsen

Historien om Viken Park: Bindinger, manglende info og politikere som ikke ante hva de stemte på