Hopp til innhold

På denne kontrollplassen har Statens vegvesen eit stort problem

STORD (NRK): På meir enn halvparten av kontrollane ved E39 har ein eller fleire lastebilar køyrt forbi. – Mange kjem seg unna, seier kontrolleiar.

Storbilkontroll på Stord

HENTA INN AV POLITIET: Her på Statens vegvesen sin kontrollplass ved E39 på Stord må politiet på jakt og henta inn igjen tungbilar til kontroll.

Foto: Marte Rommetveit / NRK

På 18 av totalt 30 storbilkontrollar Statens vegvesen har hatt på Stord i Hordaland i år, har éin eller fleire lastebilar køyrd rett forbi.

Over 100 tunge køyretøy kjem innom kontrolleiar Jo Kjetil Strand i løpet av ein kontrolldag.

– På det meste dreier det seg om sju-åtte vogntog i løpet av ein dag. Det er eit stort problem at så mange snor seg unna kontroll, seier Strand.

Får 8000 i bot

Ein del av desse blir henta inn igjen ved hjelp av politiet. Straffa er eit forenkla førelegg på 8000 kroner og ein inspeksjon frå Vegvesenet.

Mange kjem seg unna utan at det får konsekvensar.

– Av og til hentar me dei inn sjølve, og av og til tek politiet opp jakta. Men mange kjem seg unna.

Kontrollørar frå Statens vegvesen sjekkar bremser, om vogntoget er sikra, om det har overlast og om sjåføren har hatt dei pausane han skal ha.

Det er vanlegare at eit par stikk av enn at ingen stikk. Førre veke var det tre som stakk. To av dei blei meldt til politiet, medan den tredje kom seg unna.

Jo Kjetil Strand, kontrolleiar Statens Vegvesen
Statens vegvesen sin kontrollplass for store kjøretøy på Stord

LETT Å STIKKE AV: At kontrollplassen ligg like ved ein annan avkøyrsel på E39 er truleg noko av grunnen til at mange stikk av frå kontrollane.

Foto: Marte Rommetveit / NRK

– Overvekt av utanlandske sjåførar

Kvar månad får éin eller fleire lastebilsjåførar bot for ikkje å ha stoppa for kontroll på Stord.

Kontrollørane ser ein tydeleg tendens i statistikken. Bak rattet på åtte av ti av dei vogntoga som har stukke frå kontroll, sit utanlandske sjåførar, ifølgje kontrolleiar Strand.

– Dei mest utspekulerte blinkar seg ut av vegbana og legg seg bak andre vogntog. Når det er mange nok framfor veit sjåførane at det er fullt på kontrollplassen hjå oss.

Lastebilforbundet: – Ein del av ein trend

Noregs lastebileigarforbund (NLF) representerer om lag 4000 medlemer med til saman 15.000 lastebilar og vogntog. Kommunikasjonsrådgjevar Stein Inge Stølen seier det finst lite statistikk på dette feltet, men er ikkje overraska over tala frå Stord.

– Med atterhald om at det statistiske grunnlaget er noko svakt, er tala i tråd med den utviklinga me ser: Meir juks og fleire manglar blant utanlandske sjåførar.

Stølen meiner grunnen til skeivfordelinga er at utanlandske sjåførar har mindre å tapa.

Stein Inge Stølen

IKKJE OVERRASKA: Stein Inge Stølen i Noregs Lastebileierforbund.

Foto: Norges Lastebileier-Forbund

– Det er mykje lettare å spora opp eit norskregistrert vogntog og ein norsk sjåfør.

I tillegg trekk han fram at mange utanlandske sjåførar risikerer å få køyreforbod viss dei blir tekne i ein kontroll nummer to.

– Har dei eit brot frå før er det berre Statens vegvesen som sit med opplysingar om det. Får dei eitt til, risikerer dei å bli ståande. Sånn sett er det ikkje overraskande at fleire utanlandske køyrer forbi.