Hopp til innhold

Utan Karadas og Furebotn

Sogndal må greie seg utan Henrik Furebotn i bortekampen mot Viking søndag.

Henrik Furebotn

FRAMLEIS UTE: Henrik Furebotn blir hjelpt av bana i kampen mot Lillestrøm.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Skaden årdølen fekk i starten av kampen mot Lillestrøm 7. oktober gjer at han framleis ikkje kan vere med og trene med ball, fortel sportssjef Håvard Flo.

– Henrik kan jogge, men må vente endå ei stund før han kan spele fotball. Men vi håpar at han blir klar att til dei siste seriekampane.

Når det gjeld Azar Karadas så blir han med til Stavanger, men det er lite truleg at han spelar frå start.

– Han fekk eit kraftig overtrakk i kampen mot Tromsø, og han treng nok litt meir tid før han er heilt restituert. Men han blir med som ein back up, blir han godt teipa så greier han spele.

(Artikkelen held fram under biletet).

Kiropraktor Michael Justad signaliserer at Karadas må ut.

KRAFTIG OVERTRAKK: Azar Karadas vart skadd i heimekampen mot Tromsø.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Med Holsæter og Valsvik

Dermed kjem Sogndal truleg til å starte med Ruben Holsæter på midtbana og med Gustav Valsvik som makker til Hannu Patronen i midtforsvaret.

Statistisk sett har ikkje Sogndal noko godt tak på Viking. Av i alt 34 oppgjer mellom dei to laga har 19 enda med Viking-siger, ni kampar har enda uavgjort og seks med siger til Sogndal. Oppgjeret på Fosshaugane denne sesongen vann Viking med 2-1.

Men statistikk er statistikk, og Håvard Flo forsikrar at laget er tent på å halde fram den gode trenden i dei tre siste kampane.

– Dersom vi greier å vere kompakte både defensivt og offensivt skal det ikkje bli lett for Viking å skape mange store målsjansar, seier Håvard Flo.

(Artikkelen held fram under biletet).

Jonas Olsson, Terje Skjeldestad og Håvard Flo

TRIO MED FLYT: Trenartrioen Jonas Olsson, Terje Skjeldestad og Håvard Flo håpar å halde fram den gode trenden.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Fredrikstad mot Brann

Sogndal har tre poengs forsprang på Fredrikstad, som ligg på kvalifiseringsplass når det står fem kampar att. Fredrikstad skal ha heimekamp mot Brann. Sandnes Ulf, som ligg på nedrykksplass, fem poeng bak Sogndal, skal spele borte mot Rosenborg.

Dersom vi ser oppover på tabellen så er det berre eitt poeng frå Sogndal opp til Lillestrøm og to til Odd Grenland. Desse to laga møtest denne helga. Aalesund, som har tre poeng meir enn Sogndal, har heimekamp mot Vålerenga.