Smørdal heldt nervane under kontroll sjølv då han forstod at han var i ferd med å skyte seg til ein uslåeleg norsk rekord:
- Eg visste før siste pila at den òg måtte sitte i tiaren, men det vart det beste skotet heile dagen.
Ny samanlagtrekord
Mats Inge Smørdal smelte til med den fantastiske skytinga under Scandiarunden i Moss onsdag. I tillegg til fullt hus og norsk rekord på 40 meteren, tangerte 30-åringen rekorden på 50 meter med 298 poeng av 300 mulige. På 60 meteren skaut han 293 poeng - to poeng bak den norske rekorden.
Dermed noterte Smørdal seg for heile 891 poeng totalt, og sletta med det den norske samanlagtrekorden til sandefjordskyttaren Vegard Myrvang på 886 poeng frå 1999.
- Det er eit resultat av terping på små detaljar heile tida, både teknisk og mentalt, seier Smørdal.
Ikkje til VM
Tidlegare i vår sa Mats Inge Smørdal nei til å delta i VM i baneskyting i slutten av juni, på grunn av det han ser som manglande tillit frå landslagssjef Trond Amundsen. Og sjølv etter den solide oppvisninga under stemnet i Moss, angrar han ikkje på avgjerda om å takke Nei til VM.
- Det var ei prinsippsak, og det står eg for. Men det er kjekt at eg no viser at eg tilhøyrer både Norges- og verdseliten, seier Smørdal.