Hopp til innhold

Meiner Hydro ikkje lenger tek samfunnsansvaret på alvor

Rådmann i Årdal, Ingvar Laberg, er uroa over at nedbemanninga ved Hydro no skjer i det stille.

Ingvar Laberg

BEKYMRA: Rådmann i Årdal, Ingvar Laberg, meiner Hydro ikkje lenger tek samfunnsansvaret sitt så alvorleg som dei gjorde tidlegare.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Laberg hevdar at Hydro ikkje lenger er påkopla samfunnsansvaret si, slik han meiner dei var tidlegare.

Dei siste få åra har kommunen med 5500 innbyggarar, tapt 400 Hydro-arbeidsplassar.

I dag bestemte Hydro seg for å fjerne ytterlegare 53 arbeidsplassar. Eit støyperi ved aluminiumsverket skal leggjast ned, og det kjem på toppen av fleire store nedturar for industrisamfunnet.

– Eg trur at både Årdals befolkning og omgjevnadene våre, ikkje heilt klarer å ta dette innover seg, seier rådmann i Årdal, Ingvar Laberg.

Eit større bilete

Støyperiet Hydro no legg ned smeltar om innkjøpt metall, såkalla kaldmetall. Denne delen av produksjonen blir ikkje lenger rekna som lønsam.

Reduksjonen skal sikrast gjennom at vikarane må gå, medan dei faste tilsette blir omplasserte eller har naturleg avgang.

(Artikkelen held fram under biletet)

Hydro i Årdal

TØFF TID: Det er vanskeleg for innbyggjarane i Årdal å ta dette innover seg, seier rådmannen.

Foto: Steinar Lote / NRK

Men dette kjem berre som ein del av eit større bilete, dei siste åra har Hydro totalt over tid fjerna 400 arbeidsplassar. Hydro har også før det gjort store kutt, som då dei la ned ein heil smeltehall for seks år sidan.

Då mista mange jobben på ein gong, saka fekk mykje merksemd og regjeringa kom på banen. No skjer det i det stille, og det uroar rådmann Laberg.

– Tek ikkje samfunnsansvar

Laberg meiner Hydro ikkje tek det samfunnsansvaret som dei tidlegare gjorde, då dei la ned produksjonsliner ved smelteverket. For seks år sidan då Søderberg-anlegget med gamal teknologi vart utfasa blei det inngått samarbeid med mange partar, og fleire titals millionar vart stilt til rådvelde.

– Då tok Hydro tok samfunnsansvaret sitt veldig bra, og gjekk inn med store midlar slik at vi faktisk klarte å ro i land den omstillinga. I dag skjer nedbemanninga på ein mykje meir løpande og stillfarande måte. Talet har vorte så stort at det snik innpå oss utan at vi kan isolere nedbemanninga til ein aksjon som samfunnet kan stå i og komme seg ut av på gode måtar, seier rådmannen.

(Artikkelen held fram under biletet)

HYDRO - Årdal Metallverk i Øvre Årdal

LEGG NED: Hydro bestemte seg i dag for å leggje ned eit av dei to støyperia ved aluminiumsverket i Årdal.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Eg brukar å seie det slik at det samfunnsansvaret som Hydrobedriftene historisk har teke og vore påkopla, der er dei no i stor grad avkopla. Det har sin bakgrunn i at Hydro trass alt er ei kapitalsterk og gjeldfri bedrift, og dei har musklar i massevis til å vere langsiktet dersom dei strategisk vil, seier Laberg.

– Nødvendig grep

Arne Werge-Olsen

POSITIV: Fabrikksjef Arne Werge-Olsen trur det hadde sett mørkare ut for Årdal dersom støyperiet ikkje hadde blitt lagt ned.

Foto: Steinar Lote / NRK

Fabrikksjef Arne Werge-Olsen seier avgjerda til Hydro var heilt nødvendig.

– Verket vert på denne måten meir robust, med at vi står styrka for konjunkturar, og at vi sikrar ei større lønsemd framover. Samstundes er det viktig for meg å seie at vi tek vare på alle våre faste tilsette, seier han.

Werge-Olsen meiner det hadde sett mykje mørkare ut for Årdal dersom ikkje dette grepet hadde blitt teke.

– Eg ser positivt på framtida. Ved å gjere desse grepa her vil vi, som sagt, vere mykje meir robust for svingingar og vi vil sikre at vi er ei sterk bedrift også for Årdal, framover, seier han.