Hopp til innhold

Trur PFA-støyperiet blir nedlagt

Det går mot nedlegging av PFA-støyperiet ved Hydro sitt verk i Årdal. Det trur leiar i Årdal Kjemiske fagforeining, Bjørn Øvstetun. Hydro har kalla inn til pressekonferanse i Årdal onsdag ettermiddag.

Hydro Årdal

ARBEIDSPLASSAR KAN RYKE: - Det blir ingen jubeldag i Årdal i dag, seier tillitsvald Bjørn Øvstetun.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Hydro varsla tidlegare i sommar at dei vurderer å leggje ned PFA-støyperiet ved verket i Årdal. Bakgrunnen for forslaget skal vere at omsmelting av metall er lite lønsamt.

Etter at nedleggingsforslaget vart kjent har fagforeiningane protestert høglydt. Onsdag ettermiddag har Hydro kalla inn til pressekonferanse, og tillitsvald Bjørn Øvstetun ved Årdal Kjemiske fagforeining trur ikkje det blir ein god dag.

– Med dei signala vi har fått til no i diskusjonen, så går det nok mot nedlegging, seier han til NRK.no ved 11.30-tida.

Klokka 12 har leiinga på verket kalla dei tilsette inn til eit allmannamøte. Øvstetun trur det som vil kome er ei avgjerd om PFA-støyperiet og at den vil bety at 60 jobbar no forsvinn frå verket.

– Vi har sagt at vi vil ha lenger tid for å sjå om marknadsutsiktene varar ved, slik det er no får vi ikkje hjelp frå verken prisane eller marknaden, seier han til NRK.no.

– Er det håp om at de får meir tid?

– Det tvilar eg på, seier Øvstetun som seier at folk ved verket har vore urolige den siste tida.

– Det blir nok ingen jubeldag dette, nei.