Hopp til innhold

Ber Stoltenberg instruere Hydro

Årdal-ordførar Arild Ingar Lægreid ber i ein e-post Jens Stoltenberg om å leggje press på Hydro.

Statsminister Jens Stoltenberg og ordførar Arild Ingar Lægreid.

TONEN HARDNAR TIL: Arild Ingar Lægreid (t.h.) krev handling frå Jens Stoltenberg. Her frå eit besøk i Årdal.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Årdal Metallverk/Høyanger Metallverk

KVA NO? Hydro har konkrete moderniseringsplanar for verka i Årdal (t.v.) og Høyanger (t.h.). Ordføraren i Årdal krev at noko snart skjer.

Foto: NRK

Ordføraren i det som av mange er sett på som sjølve ustillingsvindauget for Arbeidarpartiet, krev at delvis statseigde Hydro får ordre å satse på industrien i Årdal.

Fryktar konsekvensane

Ifølgje Sogn Avis si nettutgåve sende Lægreid nyleg ein e-post til statsminister Jens Stoltenberg, der han frykta for konsekvensane dersom ikkje noko vert gjort med det han oppfattar som manglande satsing på fastlandsindustrien i Norge.

No set han si lit til at næringsminister Trond Giske gjev Hydro ordre om å satse på industrien i Årdal.

Trond Giske

SKREIV SVAR: Næringsminister Trond Giske har svart på brevet frå Årdal-ordføraren. No får han nytt brev attende.

Foto: Falch, Knut / SCANPIX

Men i eit svarbrev skriv Giske at regjeringa sin politikk ligg fast. Han forventar derimot at Hydro følgjer opp det dei har sagt mellom anna i eigarmeldinga.

Skriv nytt brev

Lægreid ikkje slår seg til ro med svaret frå Giske. Ordføraren skriv no motsvar til næringsministeren.

Han viser til at Hydro sin politikk i Årdal er i ferd med å få alvorlege konsekvensar for heile samfunnet, trass gode vilkår i høve med billeg konsesjonskraft.

– Det er beklageleg at per i dag får vi ingen signal som tyder på at Hydro vil nytte desse rammevilkåra til ny satsing, snarare tvert imot. I 2009 utløyste finanskrisa ei omfattande nedbemanning ved Hydro. Nedbemanninga har halde fram i 2010, og råkar no anna næringsliv i Årdal, skriv Lægreid ifølgje Sogn Avis.

Set si lit til Ap-regjeringa

Hydro sit på konkrete utviding- og moderninseringsplanar for metallverka både i Årdal og i Høyanger. Men etter at omnane i dei eldste elektrelysehallane vart sløkte for tre-fire år sidan grunna strengare miljøkrav, har det ikkje komme noko nytt som erstatning.

– Årdal set si lit til at ei Ap-styrt regjering, saman med oss, vil arbeide for at Hydro snarast konkretiserer planane sine i Årdal, skriv Lægreid.