Hopp til innhold

Uro over barnevern i Naustdal

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane uroa over at Naustdal kommune er mellom dei dårlegaste kommunane i landet når det gjeld ressursar til barnevern.

Illustrasjonsfoto barnevern

LITE RESSURSAR: Naustdal er ein av kommunane som har små ressursar til barnevern. Illustrasjonsfoto.

Foto: Scanpix/Illustrasjonsfoto / SCANPIX

Rådgjevar Gunn Randi Bjørnevoll på Helse- og sosialavdelinga til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane meiner ein del kommunar må skjerpe seg.

– Vi er veldig bekymra over at kommunane ikkje leverer det dei skal etter lova. Vi er opptekne av at barnevernet må levere tenester til beste for barn og familiane deira.

Har fått auka ressursar

Bjørnevoll viser til at kommunane har fått pengar til å styrke barnevernet dei siste åra.

– Eg meiner kommunane må gjere nokre grep slik at dei har nok ressursar til å yte desse tenestene. Fylkesmannen har tildelt ressursar til å auke stillingstalet, og det har og vore gitt ressursar til kompetanseheving i barnevarnsatsinga som kjem frå Barne- og likestillingsdepartementet.

– Fylkesmannen har eit overordna ansvar for å syte for at kommunane gjer det dei er pålagde etter lova. Har de vore tøffe nok med kommunane?

– Vi har vore veldig på kommunane både når det gjeld å heve kompetansen, og vi har ført tilsyn med ulike kommunar, både på undersøkingar og på gjennomgang og handtering av meldingar, også på oppfølging som dei gir av hjelpetiltak, seier Gunn Randi Bjørnevoll.

– Likevel har vi kommunar i Sogn og Fjordane med altfor låg ressursbruk på barnevern. Kva kan Fylkesmannen gjere med det?

– Vi kan påpeike overfor kommunane når vi oppdagar noko som ikkje er forsvarleg. Men eg vil sterkt oppmode kommunane om å ta grep sjølve. Det er dei som må sikre at dei leverer forsvarlege tenester til barn i kommunen sin.

Fagmiljø gir høgare kompetanse

I Sogn har fleire kommunar gått saman om barnevernssamarbeid. Gunn Randi Bjørnevoll meiner større fagmiljø kan gi høgare kompetanse.

– Å sitte ein eller to og arbeide med barnevern er utfordrande, særleg no når vi ser at barnevernssakene er meir komplekse og samansette. Det krev meir av dei som jobbar i barnevernet, mellom anna når det gjeld å kunne handle, at det er folk til stades når noko skjer.

– Er det då akseptabelt når Naustdal veit om desse røynslene frå Sogn og framleis sit att åleine med så få tilsette og ressursar til barnevern?

– Eg kan ikkje seie at kommunane skal gjere slik og slik, dei må sjølv gjere ei vurdering av sine tenester. Kravet er at alle kommunar skal levere fagleg forsvarlege tenester innan barnevern. Vi har formidla til Naustdal kommune at vi er alvorleg bekymra for kvaliteten.