Hopp til innhold

Krev telefonvakt i barnevernet

Barnevernet treng ein person som er på vakt, og som kan rykke ut til ei kvar tid, meiner fagleiar i Eid barnevern.

Telefonvakt i barnevernet

TRENG TELEFONVAKT: Barnevernet må fø ei eiga telefonvakt, det meiner fagleiar i barnevernet i Eid, Bjarte Gangeskar. Politiet har også etterlyst ei slik ordning.

Foto: Scanpix/Stine Kyrkjebø Johansen / NTB scanpix/NRK

– Det er på høg tid at barnevernet i fylket får ei eiga telefonvakt, meiner fagleiar i Eid barnevern, Bjarte Gangeskar.

Politiet har etterlyst ei slik telefonordning. Dei er avhengige av å få tak i barnevernet i fleire saker og har opplevd å måtte ringe rundt på måfå. Gangeskar seier at i dag jobbar tilsette i barnevernet dugnad for å vere tilgjengelege.

– Då snakkar vi om tilsette som går i kontinuerleg beredskap døgnet rundt. Det systemet må vi vekk ifrå og få meir ordna former på framover, seier Gangeskar.

Borna vert skadelidande

Det er berre i Gulen at barnevernet har ein eigen vakttelefon hos barnevernet. Dermed er det opp til kvar enkelt barnevernsleiar og tilsette i kommunane om dei vel å ha med seg jobbtelefonen på fritida. Slik kan vi ikkje ha det lenger, meiner Gangeskar. Men han er krystallklar på at ei slik vaktordning ikkje skal gå ut over det allereie eksisterande tilbodet.

– Den beredskapsordninga må ikkje gå ut over den daglege drifta, for konsekvensen av det er at vi faktisk vil få fleire akutte saker, seier han.

Utan vakttelefon er det ofte tilfeldig om politiet får kontakt med barnevernet når dei treng det, og dermed vert borna skadelidande.

Politimeister i Sogn og Fjordane Ronny Iden har vore i møte med KS om saka, og seier det er viktig for politiet at dei får tak i barnevernet når dei treng det, også utanfor kontortid.

– Nokre stader ringer eg rundt til dei som eg veit jobbar i barnevernet, og andre stader har vi lister der vi veit kven vi skal ringje til. Det er viktig for politiet, og det viktig for alle i Sogn og Fjordane at dei svakaste får den beredskapen dei skal ha, seier Iden.

Trur vakttelefonen kjem

KS har diskutert saka med kommunane i fylket, og leiar Jenny Følling seier dei får varierande svar om behovet frå kommunane. Men vil likevel halde fast i saka.

– Kanskje kan det kommunale barnevernet gjere det sjølv med litt meir systematikk overfor politiet når dei skal ha tak i det kommunale barnevernet, seier Følling.

Barnevernsvakta er barnevernstenesta sin akuttberedskap, som skal hjelpe born, unge og familiar i akutte situasjonar når barnevernskontora er stengt.

Tidlegare i år kom det klar beskjed frå barne-, likestillings- og inkluderingsminister Solveig Horne om at kommunane må ha tilstrekkeleg beredskap til at naudsynt hjelp også kan bli gitt utanom kontortid.

Gangeskar trur ein permanent vakttelefon kjem også i fylket.

– Det held ikkje med vakttelefon, vi må fysisk ha folk som kan rykke ut og bidra i dei aktuelle familiane, seier Gangeskar.