Hopp til innhold

Unngjekk bemanningskrise på hotell: – Me satsa lokalt og ungt

Grunna manglande utanlandsk arbeidskraft, har hotell- og serveringsbransjen trygla om opne grenser. Synnøve Bjørgum søkte i det ho såg at hotella trong folk.

Ingrid Prestegard

FORSIKTIG OPTIMIST: Ingrid Prestegard i Brakanes Hotell.

Foto: Lidvard Sandven / NRK

Koronapandemien gjorde at rutinerte utanlandske arbeidarar måtte bli verande i heimlandet grunna stengde grenser.

Ei av dei unge og lokale som steppa inn då utanlandsk arbeidskraft ikkje var mogleg, er Synnøve Bjørgum frå Voss.

Ho såg annonsen i avisa, og søkte i ein fei.

Synnøve Bjørgum

PÅ JOBB: Synnøve Bjørgum jobba på Brakanes Hotell i sommar.

Foto: Privat

– Eg la inn ein søknad med ein gong, og tenkte at «der har eg lyst å jobba», seier Bjørgum.

Gav det meirsmak?

– Absolutt. Du skal ikkje sjå vekk frå at eg kjem tilbake neste sommar, seier Bjørgum.

På hotellet opererte ho med eit såkalla «splitta skift», som gjorde at ho jobba morgon og kveld, men med fri på dagtid.

For å sleppa å reisa fram og tilbake frå Voss kvar dag, fekk ho eit hotellrom å bu på.

– Det kjendest nesten ut som eg var på ferie, seier Bjørgum.

Har gått betre enn frykta

– Me tok ein sjanse og satsa på dei unge og lokale, seier Christer Økland, som er direktør for mat og drikke på hotellkjeda Fjordtind.

Me møter han på Hardangerfjord Hotell i Øystese, som er eit av tre hotell som inngår i Fjordtind.

Christer Økland

POSITIVT OVERRASKA: Direktør for mat og drikke, Christer Økland.

Foto: Lidvard Sandven / NRK

Det er ein roleg formiddag, men sommaren har vore travel. Tidlegare i vår var både Økland og andre i bransjen uroa for bemanninga i sommar.

– Me var bekymra om me fekk nok tilsette på plass før sesongen, seier Økland.

Økland understrekar at sjølv om det har gått betre enn forventa, har det ikkje vore smertefritt.

– Det har vore ein enorm jobb bak å koma i mål i desse travle månadane, med tanke på opplæring, seier Økland.

– Me har fantastisk lokal ungdom

Koronapandemien gjorde at utanlandske arbeidarar måtte la venta på seg i år òg.

I ei medlemsundersøking frå NHO Reiseliv kjem det fram at om lag halvparten av bedriftene som vanlegvis er avhengig av utanlandsk arbeidskraft, ikkje klarte å erstatta sesongarbeidarar.

Det frykta naturlegvis hotelldirektør på Brakanes Hotell i Ulvik, Ingrid Prestegard òg.

Heldigvis gjekk det langt betre enn forventa.

– Det har løyst seg ganske greitt. Me har fantastisk lokal ungdom som har stilt opp. Dei har vore søren så flinke, seier Prestegard.

Ingrid Prestegard

MÅ REKRUTTERA: Hotelldirektør på Brakanes Hotell fryktar at mange som jobba i bransjen før pandemien, ikkje kjem tilbake.

Foto: Lidvard Sandven / NRK

Sjølv om sommaren gjekk betre enn frykta, er det framleis mangel på arbeidskraft i heile bransjen.

Tidleg i pandemien vart mange sagt opp, og vart oppfordra til å ta andre utdanningar, eller andre jobbar.

Prestegard meiner no at dei må jobba aktivt både for å få inn nye, men òg få tilbake dei gamle.

– Rekruttering til bransjen må stå på dagsorden. Me har mista mange, seier Prestegard.

Tidlegare denne månaden har NRK skrive om korleis det er akutt mangel på kokkar i Noreg.

Sørfjorden og Vikebygd

TURISTPERLE: Sørfjorden i Hardanger.

Foto: Sindre Skrede / Sindre Skrede