Hotella klør etter å få opna igjen, men manglar arbeidarane

Mangel på utanlandske sesongarbeidarar gjer at norske hotell ikkje har folk til å gjera jobbane. – Dei har vore her i mange år og er vanskelege å erstatta, seier hotelldirektør i Hardanger.

Hotelldirektør Ingrid Prestegard ved Brakanes hotell i Ulvik

TØRKA INN: – No skal me endeleg opna, seier hotelldirektør Ingrid Prestegard medan ho lukar ugras i hotellhagen. Hotellet har vore stengt sidan tidleg i haust.

Foto: Tale Hauso / NRK

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

På alle fire utanfor hotellet sit hotellsjef Ingrid Prestegard og lukar ugras. Bløminga er berre veker unna i turistmagneten Hardanger.

– Me hjelper til der det trengst, så i dag vart det hagearbeid på meg, seier sjefen på Brakanes hotell i Ulvik.

Etter månader med stengde dører og oppussing, gjer hotella i Hardanger no alt for å få opna for fullt i mai.

Men eitt hinder står i vegen: Mangel på utanlandske sesongarbeidarar.

– Me har fleire arbeidsleiarar og tilsette som har vore her i mange år. Dei er vanskelege å erstatta, konstaterer hotellsjefen.

Christer Økland, direktør mat og drikke, Fjordtinds Hotel

MANGEL: Christer Økland er direktør for mat og drikke ved Fjordtind Hotels sine tre hotell i Hardanger. Dei manglar til saman 40 arbeidarar.

Foto: Tale Hauso / NRK

Feriefavoritten i år

Også i år planlegg mange nordmenn noregsferie, og den nye feriefavoritten er Vestlandet.

Christer Økland, direktør for mat og drikke ved Fjordtind Hotels, har serveringsansvaret på tre hotell i Hardanger.

Dei manglar til saman 40 arbeidarar. 15 av desse er frå utlandet, og desse er dei heilt avhengige av.

– No står me i den situasjonen at bestillingane byrjar å rasa inn og me har ikkje spikra noko av personalet som skal på plass. Det er veldig vrient, seier Økland.

Ingrid Prestegard, hotelldirektør Brakanes hotel

TRENG SESONGARBEIDARANE: – Me har fleire tilsette som har vore her i mange år og dei er vanskelege å erstatta, seier hotelldirektør Ingrid Prestegard.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Ein kokk eller servitør veks ikkje på tre

Grunna korona har det kome innreiserestriksjonar som gjer at dei utanlandske sesongarbeidarane ikkje får koma inn i landet.

– Då dei nye innreiserestriksjonane kom, forstod me at me hadde ei stor utfordring.

Hotellsjefen er redd dette kan påverka kvaliteten, og å finna alternativ arbeidskraft i Hardanger er ikkje lett.

– Me lyser ut i alle kanalar og brukar nettverka våre for alt det er verdt, men ein reinhaldar, ein kokk eller ein servitør veks nødvendigvis ikkje på tre. Du må jobba for å få dei tilsette til å koma til Ulvik, sjølv kor vakkert det er her.

Arbeidslause skal hjelpa bedrifter

I Noreg er det i dag 220 000 arbeidsledige.

No har NHO Reiseliv fått ein eigen avtale med Nav der dei skal samarbeida om å hjelpa dei bedriftene som treng tilsette raskt.

– Dette blir ein tretrinnsrakett. Først får me nøkkelpersonell, så brukar me nordmenn medan me ventar på dei faste utlendingane våre. Så får me våre utanlandske medarbeidarar inn så fort vaksinesertifikatet byrjar å fungera, seier Devold.

Men det er enno i det blå når ordninga er klar.

I mellomtida har regjeringa utvida innreiseordninga, som gjer det mogleg for personell med spesialkompetanse å koma til Noreg.

NHO Reiseliv er positiv og meiner reiselivet no vil kunna ta inn nøkkelpersonar frå utlandet – som ein kokk, ei kjøkkensjef eller guide med spesielle sertifikat.

– Eg er glad reiselivet no er blitt anerkjent med at me òg har nøkkelpersonell, seier administrerande direktør Kristin Krohn Devold i NHO Reiseliv.

Kristin Krohn Devold NHO Reiseliv

POSITIV: Kristin Krohn Devold ved NHO Reiseliv meiner den utvida innreiseordninga vil og gjelda reiselivet.

Foto: Per Sollermann / NHO Reiseliv

Etterlyser svar – fryktar for sesongen

Fleire i bransjen er usikre på kva utvidinga av innreiserestriksjonane eigentleg inneber, og er uroa for at dei ikkje blir endra før tidlegast i midten av mai.

I Ulvik etterlyser dei eit konkret tidspunkt på når ei eventuell endring vil skje.

– Per dags dato har me eit tomt hotell som er godkjend opphaldsstad, der me kan husa sesongarbeidarane etter karantenereglane som gjeld i dag. Men får me dei ikkje over grensa, er me lika langt, seier hotelldirektør Prestegard.

Ingrid Prestegard, hotelldirektør Brakanes hotel

UROA: I Ulvik er dei uroa for at innreiserestriksjonane ikkje blir endra før tidlegast i midten av mai.

Foto: Tale Hauso / NRK

Mer om koronaviruset

Status Norge

Sist oppdatert: 19.06.2021
1 063
Smittede siste 7 dager
39
Innlagte
790
Døde
2 122 782
Vaksinerte