– Vi antar at det vil kunne bli betydeleg utfordrande for heile drifta på flyplassen, seier Ørjan Hjortland, leiar for Unios streikekomite til NRK.
Ørjan Hjortland leiar Unios streikekomite, og er nestleiar i Politiets Fellesforbund.
Foto: Politiets FellesforbundMåndag vart passkontor og vêrvarslinga ramma av Unios streik mot staten.
Allereie frå onsdag av varslar fagforbundet nok ei opptrapping av streiken. Då vil dei mellom anna ta ut 51 meteorologar samla i Oslo og Bergen.
– Det vil kunne få betydelege konsekvensar for aktiviteten og leveransen innan vêrvarsel og stormvarsel til flytrafikk, til militær trafikk og for aktiviteten ut til sokkelen, seier Hjortland.
Avinor og Equinor seier måndag kveld til NRK at det er for tidleg å seie kva konsekvensar opptrappinga vil få for drifta deira. Dei vil komme tilbake til det tysdag.
Bristow Norge, som flyr helikopter til plattformene i Nordsjøen, seier situasjonen er litt uavklart no.
– Vi følger tett med på utviklinga og vil i samråd med våre samarbeidspartnarar sjå korleis det kan løysast for å få minst mogleg innverknad på trafikken. Dei er per no ikkje påverka av streiken, seier administrerande direktør Sondre Nordseth til NRK.
– Kan ramme all lufttrafikk
Streiken til Unio starta 24. mai, og blei trappa opp for tredje gong måndag 3. juni. Då blei åtte meteorologar i Bergen og Oslo tekne ut i streik, opplyser Hjortland.
Men frå onsdag kan enno ei opptrapping få langt større konsekvensar, ifølgje fagforbundet.
– Det kan i stor grad ramme all lufttrafikk, både kommersiell og nyttetrafikk innan luftfart, streikekomite-leiaren til Unio.
Kan få konsekvensar alt på tysdag
Meteorologisk institutt skriv på si nettside at dei vil søke om unntak for å kunne halde oppe dei kritiske leveransane.
– Om instituttet ikkje får unntak, vil streiken frå onsdag ha større konsekvensar for sivil og militær flyvêrvarsling, farevarsling, og beredskapskøyringar i samband med til dømes søk og redning til sjøs, uttalar direktør Roar Skålin ved Meteorologisk institutt.
Dei har varsla Klima- og miljødepartementet og luftfartsstyresmaktene om potensielle konsekvensar av streikeuttaket.
– Det gjeld styrtregn, skogbrann, kuling og stormvarsel til sjøs. For luftfarta har ein eigne faremeldingar for turbulens og ising og den typen ting, seier vêrvarslingsdirektør Bård Fjukstad til NRK.
Allereie tysdag kan streiken få konsekvensar for sivil luftfart og enkelte helikopterturar til Nordsjøen, på grunn av streikeuttaket måndag, ifølge instituttet.
«Det kan også råke varslinga for den militære flyplassen på Ørland», skriv dei på nettsida si.
– Det er ein viss usikkerheit rundt kva som skjer tysdag, når vi har ein meteorolog som er tatt ut i streik på Vestlandet og det ikkje lenger er overvakning av luftrommet på Vestlandet, Trøndelag og i Nordsjøen, seier Fjukstad.
Meteorologane Terje Alsvik Walløe og Pernille Borander er blant dei som no er i streik.
Foto: Kathrine Lindsay / MetForsvaret: Rammar ikkje helikopter
Jonny Karlsen, talsperson for Forsvarets operative hovudkvarter, seier til NRK at streikeopptrappinga onsdag ikkje vil ramme helikoptera deira, då dei ikkje er avhengige av vêrvarselet.
Vidare meiner han at streiken ikkje vil få konsekvensar for dei før torsdag, då det berre skal vere éin meteorolog som leverer til Forsvaret som takast ut i streik, og han jobbar ikkje onsdag.
– Utover det er det vanskeleg å seie korleis streiken vil slå ut i praksis for Forsvaret per i dag, seier Karlsen.
Tek Sokkeldirektoratet ut i streik
Onsdagens streikeuttak vil også ramme Sokkeldirektoratet i Stavanger, politiet på Gardermoen lufthamn, i Oslo og på Bergen lufthamn, ifølgje Unio.
Streiken fører til redusert kapasitet for dei fleste funksjonane til Sokkeldirektoratet, tidlegare kalla Oljedirektoratet.
Ola Anders Skauby i Sokkeldirektoratet.
Foto: Oljedirektoratet– Det vil kunne påverke saksbehandling, faktaformidling og faglege vurdering som vi gjer for departementet som fagetat for dei, seier Ola Anders Skauby, direktør for kommunikasjon, samfunnskontakt og beredskap.
For politiets del vil streiken ramme vakt og beredskap, og ytterlegare gjere det vanskelegare med grensekontroll og dokumentkontroll på Flesland og Gardermoen, ifølgje Hjortland i Unio og Politiets Fellesforbund.
På spørsmål om streikeuttaket vil lamme passkontrollen heilt, svarar han at det skal vere mogleg å sleppe gjennom.
På spørsmål om regjeringa vurderer tvungen lønsnemnd overfor Unio, svarar arbeids- og integreringsminister Tonje Brenna (Ap) følgande:
– Det er partane som har ansvar for å finne ei løysing på konflikten. Arbeids- og inkluderingsdepartementet følger med på streiken på vanleg måte, seier Brenna.
Det kan bli lenger køar i passkontroll på lufthamna for dei som skal ut av Schengen frå Bergen og Oslo.
Foto: Gorm Kallestad / NTBUnio ber statsråden forlenge avtale
– Kvifor gjer de dette, Hjortland?
– No er vi i ein situasjon der Akademikerne er tatt ut i tvungen lønsnemnd. Vi har eit tydeleg behov for at statsråden lyttar til oss og tek oss på alvor, seier Hjortland
Han seier den enkle løysinga på konflikten er at regjeringa forlengjer tariffavtalen dei inngjekk for to år sidan.
– Statsråden kan forlenge avtalen vi og så avsluttar vi denne streiken. Det er statsråden som har tvunge oss inn i situasjonen vi er i no, seier leiaren for Unios streikekomite.
NRK har førebels ikkje fått nokon kommentar frå forvaltningsminister Karianne Tung (Ap), som er part i saka.
Måndag var buekorps med på streikemarkeringa til Unio i Bergen.
Foto: Cato Kristensen / NRK