Hopp til innhold

Kuttar TV-vêret: Her streikar dei kjende TV-meteor­ologane

Ein av dei mest synlege konsekvensane av opptrappinga av streiken får du ikkje sjå.

Terje Alsvik Walløe og Pernille Borander streiker 3. juni 2024.

STREIKEVILLIGE: Terje Alsvik Walløe og Pernille Borander er begge kjende TV-meteorologar. No streikar dei for Unio.

Foto: Ismail Burak Akkan / NRK

For i kveld er det eigentleg Kristian Gislefoss som skulle meldt vêret på Dagsrevyen og på dei regionale TV-sendingane til NRK.

Men no er statsmeteorologen ein av 3300 medlemer av Unio som streikar for betre løn og vilkår for høgt utdanna i staten.

Dermed blir det inga vêrmelding på Dagsrevyen måndag kveld.

Sjølv vil ikkje Kristian Gislefoss uttale seg, det overlèt han til kollega og lokal streikeleiar Pernille Borander.

Vi møter ho straks etter eit stort streikemøte på Chateau Neuf i Oslo. Der yrer det av streikevilje og liv.

Pernille Borander i streik

Pernille Borander har vore tillitsvald for statsmeteorologane dei siste åra. Men det er første gong ho er i streik.

Foto: Ismail Burak Akkan / NRK

Høg streikevilje

Borander er vant til å stå ein storm og aller helst vil ho gjere jobben sin som statsmeteorolog.

– Men når det har kome så langt som det har gjort no med streik, så er eg her med største glede for å støtte opp om foreininga min, seier Borander.

– Kva konsekvensar får det for dei som er opptatte av vêret at det no er streik?

– Vêrmeldinga på Dagsrevyen vil ikkje bli synleg så lenge det er streikande meteorologar som skulle ha vore på jobb.

Ho forsikrar at streikeviljen er høg.

Streikevilje 3. juni 2024

Utanfor Chateau Neuf i Oslo møttest fleire hundre Unio-streikande måndag føremiddag.

Foto: Ismail Burak Akkan / NRK

Første nei til Met

I Tromsø sit vêrvarslingsdirektør Bård Fjukstad og ser utover ein by bada i sol.

Han søkte om dispensasjon frå streiken for sine tilsette og blei overraska over å få negativt svar frå Unio.

– Det var litt overraskande for oss. Det er første gong Meteorologisk institutt har fått nei på ein dispensasjonssøknad, så dette er ein situasjon vi aldri har vore ute i før.

59 tilsette i Met er i streik frå måndag.

Værvarslingsdirektør Bård Fjukstad.

Bård Fjukstad er sjefen til meteorologane.

Foto: Øystein Antonsen / NRK

Uroa for dagane framover

– Men det har aldri skjedd før at TV-meteorologen har forsvunne frå skjermen?

– Så vidt eg veit, så har ikkje det. Meteorologane forsvinn også frå radio, slik at det vil vere ein del sendingar der folk saknar meteorologen. Så det har allereie fått sånne konsekvensar.

Men det er ikkje først og fremst TV-sjåarane og radiolyttarane som uroar Fjugstad.

Han tenker meir på konsekvensar for farevarsel for land og sjø, flyplassar og olje- og gass.

Terje Alsvik Walløe og Pernille Borander streik 2024

Pernille Borander og Terje Alsvik Walløe står streikevakt utanfor Meteorologisk institutt på Blindern i Oslo.

Foto: Kathrine Lindsay / Met

Blir mindre synlege

For streikeleiar Pernille Borander er det uansett viktig at dei som yrkesgruppe no får retta fokus mot det dei meiner er viktig.

– Men vi blir mykje mindre synlege, spesielt for media, men også mot beredskapen i Noreg.

– Fryktar du at det at de har eit beredskapsansvar kan gjere at staten lett kan gå inn og seie her er det tvungen lønnsnemnd?

– Det er nok alltid ein risiko.

PS! Måndag kveld blir vêrmeldinga i Dagsrevyen erstatta med at programleiarane tipsar deg om yr.no. Sendinga blir også litt kortare enn vanleg.

AKTUELT NÅ