Hopp til innhold

Fleire enn 6 av 10 unge vaksne er bekymra over for lite søvn

Unge vaksne seier at bekymringar, tankar, og mobilen held dei vakne om kvelden.

sleeping girl

Så mange nordmenn slit med søvnvanskar at Folkehelseinstituttet har omtalt det som eit av dei mest undervurderte folkehelseproblema vi har.

Foto: Vasiliy Koval

Dersom eg gruar meg til neste dag søv eg knapt heile natta.

23-år gamle Nikoline Hylderås i Førde set ord på noko fleire kjenner på. Stundom søv ho dårleg fordi tankane kvernar.

Og mange unge har det slik. Ifølgje ei fersk undersøking Norstat har gjort for forsikringsselskapet Frende svarer 63 prosent at dei er bekymra for at dei får for lite søvn.

I undersøkinga er gjort blant unge vaksne mellom 18–29 år. Godt over halvparten av dei som søv lite seier at det er bekymringar og tankar som held dei vakne.

To unge damer står på jobb og smiler til kamera.

Nikioline Hylderås (t.h.)er ærleg på at ho søv lite, og ofte er det tankeverksemd som held ho vaken. Kollega Øyvor Ringstad Loen tykkjer derimot ho får nok søvn, med sju timar natta.

Foto: Julie Haugen / NRK

Hylderås, som til dagleg jobbar ved ein kaffibar, trur ho i snitt får 5 timar søvn i løpet av ei natt. Ho ser to hovudårsaker til at ho blir liggjande vaken: Mobilbruk og tankeverksemd.

Tenkjer ein veldig mykje, då får ein ikkje sove.

Dei fleste unge vaksne er B-menneske

Ingvild West Saxvig ved Nasjonalt senter for søvnmedisin seier at sjølv om tankar og bekymringar kan hindre søvnen, så er det noko som skil denne aldersgruppa frå andre.

– Unge vaksne har ein veldig sterk tendens til å vere B-menneske og ikkje heilt tilpassa samfunnsrytmen.

Ho peikar på at unge vaksne ofte har ein døgnrytme som gjer at dei rett og slett ikkje er klar for å sove kl. 22 om kvelden.

– Unge føler seg ofte ganske vakne og opplagde på kveldstid. Då er dei i sitt ess, når morgonen kjem er dei stuptrøytte.

Ingvild West Saxvig

– Dersom ein da prøver å legge seg veldig tidleg når ein ikkje er trøtt nok så er det ikkje rart at ein blir liggande å gruble.

Foto: Synne Sørenes / NRK

Anbefaler døgnlys

Heldigvis kan døgnrytmen endrast. Har du hatt jetlag etter ei reise, har du truleg erfart dette.

Det er dagslys som er den viktigaste tidsgjevaren for døgnrytmen. Lys på kvelden forsinkar døgnrytmen og gjer at vi sovnar seinare og vaknar seinare.

Medan lys på formiddagen, helst i form av dagslys, gjer at vi blir tidlegare søvnig og dermed vaknar tidlegare neste dag.

– Så for unge menneske som er veldig B-menneske så anbefaler eg at dei får lys tidleg på dagen og avgrensar lys på kvelden, forklarer Saxvig.

Les også Fleire unge slit med søvn: – Mobilen er forstyrrande

Kvinne sitter med laptop i et studiemiljø.

Bør har sju til ni timar søvn

For unge vaksne er den nasjonale anbefalinga at ein får mellom sju til ni timar søvn kvar natt. Forsking viser at dette ikkje er realiteten for dei fleste unge vaksne.

Studentsamskipnadar landet over gjennomførte i 2022 Studentenes Helse og trivselsundersøking (SHOT), der 60.000 norske studentar deltok.

I 2010 sa 23 prosent at dei sleit med søvn. I 2022 var talet 33, altså 10 prosentpoeng høgare.

Jobjørn Røkenes Myren studerer informasjonsteknologi ved Høgskulen Vestland i Førde. Han kjenner seg att i tala.

– Eg har ein veldig aktiv kvardag, tidleg opp på skule og trene seint til kveld. Eg har for å vere heilt ærleg ikkje dei beste søvnvanane i verda.

Er det lett for deg å sovne?

– Nei, det har eg slite med i alle år.

21-åringen seier at det blir fort ein titt eller to for mykje på skjermen før han skal leggje seg.

Jobjørn Røkenes Myren

– Det drege jo litt over i mangel av disiplin når eg skal legge meg. Blir kanskje ein titt eller to for mykje på dei skjermane eg har tilgjengeleg, inrømmer studenten Jobjørn Røkenes Myren.

Foto: Julie Haugen / NRK

Vond sirkel med psykiske plagar

I verste fall kan søvnmangel føre til større problem. Ungdom med søvnvanskar har 4–5 gonger auka risiko for depresjon. Det viser ein studie gjort i samarbeid med University of Berkley, California.

Kommunikasjonssjef Line Toft Haaland i Mental Helse ungdom seier at dei ofte får meldingar av unge som slit med å sovne, da ofte på grunn av andre plagar.

– Mangel på søvn er ofte knytt opp mot bekymringstankar og då særleg i samband med at ein har angst, er engsteleg, nedstemt eller deprimert.

Portrettbilde av Line Toft som er leder for innsamling og marked i Mental Helse Ungdom.

– Søvn blir ofte nemnt i hjelpechatten vår, men da ofte som eit symptom på at ein ikkje har det bra, seier kommunikasjonssjef i Mental Helse ungdom, Line Toft Haaland.

Foto: David Gustavsen Tvetene

Haaland legg til:

– Det blir ein vond sirkel når ein ikkje veit korleis ein eigentleg har det fordi ein aldri får dekt det grunnleggande behovet som er viktig for å ha det bra.

Rådet frå Nasjonalt senter for søvnmedisin er at ein ikkje bør assosiere senga med tenke- og bekymringstid.

– Det mange kan ha nytte av er å sette av ein bekymringstime eller eit bekymringskvarter der ein tenker gjennom bekymringar ein har før ein legg seg, rår Ingvild West Saxvig.