Hopp til innhold

Unge jenter brukar smertestillande for å meistre kvardagen: – Mange stappar i seg

Ein av fire jenter i tenåra tek reseptfrie smertestillande kvar veke eller dagleg. – Eit symptom på at mange ikkje har det bra, meiner forskar.

Elevar i 3. klasse ved Sogndal vidaregåande skule. Frå venstre: Tuva Dybwad Mundhjeld, Bodil Alida Jin Tveit og Annika Flåten.

UROA: 3.-klassingane ved Sogndal vidaregåande skule meiner det er skremmande at jenter på deira alder brukar så mykje smertestillande. Frå venstre: Tuva Dybwad Mundhjeld, Bodil Alida Jin Tveit og Annika Flåten.

Foto: Eva Marie Felde / NRK

– Det er mange som stappar i seg smertestillande fleire gonger om dagen, seier Annika Flåten (18).

Avgangseleven er snart ferdig med skuledagen i Sogndal. Ho og venninnene er bekymra over mengda smertestillande tablettar norske jenter bruker.

Mellom 20 og 25 prosent av jentene ungdoms- og vidaregåande skular brukar reseptfrie smertestillande, som Ibux og Paracet, kvar veke eller dagleg.

Det visar ei undersøking Ungdata har gjort.

I Sogndal svarer heile 27 prosent av jentene i 1. og 2. klasse på vidaregåande skular at dei gjer det same.

– Eg forstår ikkje kvifor. Eg trur ikkje det er bra, seier Flåten.

– Mange har det ikkje bra

På kontoret sitt ved Oslo Met har førsteamanuensis Siv Skarstein gått i djupna på ungdommar og deira bruk av reseptfrie smertestillande.

Ho har lenge vore uroa over det høge forbruket hjå ungdommen.

– Det er eit symptom på at ganske mange ungdommar ikkje har det bra i livssituasjonen dei er i, seier ho.

Studiane hennar syner at det har vore slik lenge, og det er lite som tyder på at trenden vil snu.

Dei som har høgt forbruk har det gjerne gjennom heile året. Det startar allereie tidleg i tenåra, og aukar gjennom ungdomstida.

nesespray

BRUKAR: Mellom 20 og 25 prosent av jentene ungdoms- og vidaregåande skular brukar reseptfrie smertestillande kvar veke eller dagleg.

Foto: Scanpix

Bør ta tak i dei verkelege problema

Skarstein etterlyser gode alternativ og samarbeid mellom foreldre, helsesjukepleiar og lege, slik at ungdomen kan ta tak i dei verkelege problema.

– Smertestillande kan bli ei meistringsmekanisme, og ein lettvint utveg i ein stressande kvardag.

Samstundes er ho klar i åtvaringa si: Bruk av smertestillande medisin over lang tid kan få alvorlege konsekvensar.

Kronisk hovudverk, plager med tarm og matrøyr, eller problem med lever og nyre, er noko av det som kan skje med kroppen.

Jentene på Sogndal Vidaregåande, Celine Fardal Norheim
og Ragnhild Stenstadvold.

RASK LØYSING: Celine Fardal Norheim og Ragnhild Stenstadvold trur mange jenter har behov for smertestillande av og til, men også at fleire bruker det som ei rask løysing.

Foto: Eva Marie Felde / NRK

Ikkje på grunn av menstruasjon

Inne på kontoret til helsesjukepleiar Linda Habbestad Skorve, bankar det lett på døra.

Terskelen for å ta kontakt med ho om problem og utfordringar er, og skal vere, låg.

Likevel er det få som kjem til ho for å be om smertestillande medisin. Om dei spør prøvar ho alltid i nøste nærare opp i underliggande problem.

Smerter i samband med menstruasjon er peika på som årsak til at jenter tek meir smertestillande enn gutar.

Verken Skarstein eller Skorve trur det forklarar heile biletet. Helsesjukepleiaren trur at jenter opplever eit større press på fleire område.

– Dei skal klare seg bra på skulen og vere flinke. Dei tek inn over seg alt av informasjon og dei er generelt meir uroa for ting.

Helsesjukepleiar Linda Habbestad Skorve, ved sogndal vidaregåande skule.

SNAKK MED NOKON: Det er helsesjukepleiar Linda Habbestad Skorve sitt beste råd for dei som slit med smerter over lang tid.

Foto: Eva Marie Felde / NRK