Hopp til innhold

Ung koronasmitta får 20.000 kroner i bot

Koronasmitta helsearbeidar reiste på fest med fleire unge som sat i karantene. – Håpar folk forstår alvoret i situasjonen, seier påtaleleiar Gunnar Fløystad i politiet.

Gunnar Fløystad, leder for påtaleseksjonen under pressekonferansen i Bergen om politiets aksjon mot pedofile nettverk.

BOT: Påtaleleiar Gunnar Fløystad seier Vest politidistrikt har gjeve ein koronasmitta person 20.000 kroner i bot etter at vedkomande gjekk på fest i helga.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

Det var i ein kommune i gamle Sogn og Fjordane at ein ung person med påvist koronasmitte festa saman med fleire unge som skal ha vore i karantene i helga.

Politiet opplyser måndag at den koronasmitta har fått 20.000 kroner i bot for brot på smittevernlova §4.3. Dei vil ikkje gi nære personalia om personen, men NRK er kjend med at vedkomande jobbar i helse- og omsorgssektoren.

Blir ikkje bota betalt, risikerer vedkomande fengsel i 40 dagar.

– Vi håpar at folk forstår alvoret i situasjonen landet står i, og innrettar seg etter gjeldande lover, reglar og retningsliner, seier påtaleleiar Gunnar Fløystad ved Vest politidistrikt.

Bruk sunn fornuft

Både politiet og helsetenesta har uttrykt uro for «karantenefestar» og leikegrupper . Politiet har tidlegare opplyst at dei prioriterer brot på smittevernlova i denne ekstraordinære situasjonen i samband med koronautbrotet.

Hendinga er eitt av 50 oppdrag relatert til korona, som politiet i Vest har hatt gjennom helga.

I ei pressemelding skriv politiet at dei ikkje kan fastsette kor mange menneske som kan møtast privat, men oppmodar kvar einskild å bruke sunn fornuft.

– Sjølv om folks framferd ikkje er direkte straffbar, kan vi av smittevernomsyn pålegge folk å bryte opp samkomer eller andre aktivitetar som kan gjere ein auka smittefare, seier Fløystad og legg til at brot på pålegg kan vere straffbart.

Kommune følgjer opp

Kommuneoverlegen i den aktuelle kommunen trur festen i helga skuldast ei misforståing av kva det betyr å vere i heimeisolasjon og heimekarantene.

Festdeltakarane i helga har fått karantene og fått presisert viktigheita av å følgje pålegga. Kommunehelsetenesta prøver no å kartlegge om det også var festdeltakarar som ikkje var i karantene.

– Det er jo ikkje slik at dei som er i karantene nødvendigvis er smitta, men no er det stor sjanse for at dei er smitta, seier kommunelegen.

– Men når ein allereie sit i karantene, er dette så problematisk?

– Ein risikerer å ta med seg smitta til eldre i eigen krins, som er meir sårbare. Sjølv om ein er ung, så risikerer ein også å bli alvorleg sjuk og hamne i respirator.

NRK har vore i kontakt med arbeidsgjevaren til helsearbeidaren. Dei seier dei er kjende med hendinga.

– Vi tykkjer dette er ei uheldig sak. Utover det kan vi ikkje kommentere saka om omsyn til personvernet.

– Vil dette få konsekvensar?

– Dette er noko vi må komme tilbake til etter kvart.

Ikkje festlege lag

Kommunelegen er klar på at det er skilnad på å sitje i karantene og isolasjon for å unngå å potensielt smitte andre. Isolerte skal halde seg heime. Dei som sit i karantene kan gå turar, men skal unngå folkemengd.

– Karantene er førebyggjande. Isolasjon er å stoppe smitta, seier legen og trekkjer fram eit tenkt døme:

– Samlar du 20 personar som sit i karantene, så kan ein person vere smitteførande medan 19 andre ikkje er det. Då kan plutseleg alle bli smitta.

– Generelt rår vi ikkje nokon å ha festlege lag. No er det «heime-åleine»-festar som gjeld, med strek under «åleine», legg kommunelegen til.

Kan bli alvorleg sjuke

Per 22. mars melde Folkehelseinstituttet om over 54.000 testar og 2132 påviste tilfelle. Kring halvparten har fått smitta i Noreg. Snittalderen for tilfella er 47 år og over halvparten av dei påviste er menn.

Helsedirektoratet melde måndag morgon om at 190 personar er lagde inn på sjukehus. Av desse får 40 personar respiratorbehandling.

Kommunelegen vil ikkje ta festen i helga som eit prov på at unge ikkje tek risikoen på alvor, men heller som eit signal om at risikoen for unge er underkommunisert.

– Vi ser at veldig få unge døyr av viruset, men det er absolutt ein del unge som blir alvorleg sjuke og treng intensivbehandling og hjelp til å puste i ein periode av sjukdomen, seier legen.