Hopp til innhold

Trenar til Rally Dakar i den norske fjellheimen

Pål Anders Ullevålseter har teke vegen over fjellet for å kome i form til Rally Dakar. I fjellheimen i Sogn og Fjordane finn han liknande forhold som ventar i Andesfjella i Sør-Amerika, der rallyet går av stabelen i januar.

Ullevålseter i vest-norske skogar

GIR GASS: Pål Anders Ullevålseter akklimatiserer seg til rally i Sør-Amerika med køyring i Sogn og Fjordane

Foto: Johan Moen / NRK

– Grunnen til at eg er her er for å kjenne på vêr og vind og få naturen under

huda, for det er jo snart eit år sidan eg køyrde rally, seier Ullevålseter.

Årets sesong har ikkje vorte heilt som planlagt for 44-åringen. Under ein VM-runde i Qatar i slutten av april krasja han og braut lårbeinet. Han vart send i helikopter til sjukehuset i Doha, og det var lenge usikkert om han ville klare å kome i form igjen til Rally Dakar i januar. Men for nokre veker sidan kasta han krykkene, og no har han fullt fokus mot ei ny deltaking i ekstrem-rallyet.

– Det er utruleg godt å vere i gang igjen, eg må klype meg litt i armen. Det har vore ein lang sommar og eg har gått på krykker i fleire månader. Når ein då sit på sykkelen igjen skjønar ein kor privilegert ein eigentleg er, seier han.

(Saka held fram under biletet)

Pål Anders Ullevålseter1

TILBAKE: Enduro-køyraren er tilbake etter skaden og prøver å finne forma til Rally Dakar i januar

Foto: Johan Moen / NRK

Liknande forhold ventar i Sør-Amerika

Dei siste åra har Rally Dakar vorte arrangert i Sør-Amerika grunna politisk uro i Afrika. Løpet går over to veker i januar, og ruta i 2014 går gjennom Argentina, Bolivia og Chile – blant anna gjennom Andesfjella. I fjellområda i Sogn og Fjordane finn han liknande forhold.

– Ein finn det same der som her, det er masse grusvegkøyring, og ein kan òg støyte på snø oppe i fjella. No ville eg ha meg ein tredagars tur for å kjenne på at det er regn og surt, for slik blir det heilt sikkert i januar også, fortel Ullevålseter.

(Saka held fram under biletet)

Pål Anders Ullevålseter på sjukehuset

SKADD: Eit brote lårbein var resultatet av VM-runden i Qatar i april

Foto: Håkon Bjercke

Vil knuse årets plassering

I årets løp kom Ullevålseter på ein skuffande 16. plass. No håper han på eit mykje betre resultat i neste års løp.

– Det gjekk utruleg dårleg i år, så eg håper på å knuse den plasseringa. Men det vert utruleg tøft – det er så mange nye løparar, med store team der det har blitt trykt inn masse pengar.

For enduro-føraren vert årets løp det tolvte i rekkja. Men sjølv med sine 44 år, har han ingen planar om at Rally Dakar 2014 skal verte det siste.

– Eg vil gjerne halde på i fleire år til, eg. Me får sjå korleis det går i januar, og så får me ta det derifrå.