Nordmannen velta etter ei mil av dagens etappe. Då han skulle løfte den opp igjen reiv han av ein muskel i brystkassa.
– Det var forferdeleg vondt. Særleg ille var det å vri kroppen, fortel han ifølgje Team Ullevålseters heimeside, dakar.no.
«Pål Anders beskriver denne dagen som den verste og vondeste han noen gang har opplevd i rally Dakar,» skriv Team Ullevålseter.
– Smerter har hindra han i å ta i seg nok vatn
Ullevålseter fullførte etappen med skade, men besvimte straks han kom til mål.
«Arrangørene fant ham liggende på bakken, og fikk fraktet han videre til sykestua,» opplyser nordmannens lag.
Truleg dreier det seg om ein muskelbrist eller avriving. No er det usikkert om han kan køyre dei to siste etappane i Dakar-rallyet.
– Pål Anders ligg på sjukestova i målområdet i Nasca. Han har hatt det så vondt at han ikkje har fått drukke nok, og var svært dehydrert ved målgang, skriv Team Ullevålseter i ein pressemelding.
– Svært fornøgd om han held sjuandeplassen i samandraget
Ullevålseter køyrde inn til 11. beste tid på fredagsetappen og heldt sjuandeplassen samanlagt.
– Det er usikkert om han er klar til start i morgon, men han håpar å fullføre rallyet. Akkurat no er han svært fornøgd viss han klarer å halde på 7. plassen han ligg på i samandraget.