Hopp til innhold

Tysdag kjem vinteren tilbake i Sør-Noreg

Søndag var årets varmaste dag fleire stader i landet. Men no kjem kulden og snøen tilbake, i alle fall i Sør-Noreg.

Stiv kuling på Selbu

VINTERLEG: Tysdag kan det kome eit innslag av vinter med både vind, snø og kulde.

Foto: Britt Mari Rolseth

Smaken av sommar vart kortvarig. Alt på tysdag åtvarar Meteorologisk institutt mot snø og vanskelege køyreforhold i fjellet.

– Frå tysdag kveld kjem det ei betydeleg mengde kald luft nedover mot Sør-Noreg, seier statsmeteorolog Eldbjørg Moxnes.

Ho ber alle som skal køyre bil i fjellet om å leggje om til vinterdekk.

Gult varsel for nedbør i sørnoreg melder Meteorologane 19. april 2021

GULT FAREVARSEL: Det vert nedbør i form av snø i delar av Sør-Noreg frå tysdag

Foto: Meteorologisk Institutt

Den kalde lufta kjem ikkje åleine, den fører med seg nedbør og vind frå liten til stiv kuling i styrke.

Kortvarig vinter

– Mesteparten av nedbøren kjem frå tysdag til onsdag kveld, seier Moxnes

Men nedbøren varer ikkje evig. Frå onsdag kveld vil den minke i Sør-Noreg utanom nord for Jotunheimen, der det framleis kan kome nokre snøbyer.

Kulda derimot vil vare utover veka, og det kan love godt for dei som enno ikkje har lagt skia på hylla.

– Det blir påfyll av nysnø, og kuldegradene kan gi pudderføre i fjellet denne veka, seier statsmeteorologen.

Kan og kome snø i låglandet

Men det er ikkje berre fjellheimen som kan verte kvit dei siste aprildagane. Både på Vestlandet, Austlandet og i Trøndelag kan det snøe heilt ned i låglandet og heilt ut på kysten. Snøen vil først nå Austlandet på onsdag.

– I fjellet over 800 høgdemeter vil temperaturen ligge under 0 grader heile døgnet, fortel meteorologen.

Meterolog Eldbjørg Moxnes

ÅTVARAR: Eldbjørg Moxnes ber folk som skal køyre i fjellet om å leggje om til vinterdekk.

Foto: PRIVAT