Hopp til innhold

Tvillingane Emma og Anna (13) knuste dei fleste i Stoltzen – på nesten identisk tid

STOLTZEKLEIVEN (NRK): Emma og Anna Hanstveit følgde kvarandre ut i livet. Og slik har dei fortsett.

Supertvillinger

SJÅ VIDEO: Tvillingane frå Osterøy i noregstoppen under Stoltzekleiven Opp i Bergen.

Dei 13 år gamle løpstalenta frå Mjøsdalen Idrettslag på Osterøy spring saman inn til så å seie nøyaktig same tid uansett kva stemner og løpsøvingar dei deltek i.

I helga hamna dei på fjerde- og femteplass i seniorklassen i motbakkeløpet Stoltzekleiven opp. Det skjedde med to sekunds mellomrom.

«Stoltzen» opp er eitt av dei største mosjonsløpa i Noreg, og omtala som verdas brattaste løp.

Sin eigen klasse, 12-13 år, vann dei overlegent.

Kvinneklassen i Stoltzekleiven opp 2017:

  1. Karoline Holsen Kyte (09:44)
  2. Anita Iversen Lilleskare (10:26)
  3. Vita Heine (10:37)
  4. Emma Hanstveit (10:55)
  5. Anna Hanstveit (10:57)

Anna og Emma Hanstveit

LØPSTALENT: 13 år gamle, men allereie no er tvillingane Anna og Emma Hanstveit to av Noregs beste motbakkeløparar.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Held saman

Medan tusenvis av kvinner og menn snubla og sleit, og kraup over mållina på Sandviksfjellet, sprang tvillingane lett og nokså ledig i mål.

– Eg syns det er veldig greitt at dei får prøva seg mot dei beste. I Stoltzen stiller dei beste motbakkeløparane i Noreg, og då er det noko spesielt. Då får dei eit minne med seg, seier pappa, Oddvar Hanstveit.

Han aner ikkje kvifor det er blitt slik at tenåringsjentene kjem likt i mål.

– Dei passerer mållina stort sett likt. Eg veit ikkje kvifor. Det er gjerne slik at om den eine har ein litt dårleg dag, så ventar den andre. Eg veit ikkje. Det er blitt slik at dei skal halde i lag, fortel han.

Oddvar Hanstveit

PAPPA: Tvillingane sin pappa, Oddvar Hanstveit, har ein mistanke om at jentene hans ventar på kvarandre viss dei merkar at den eine har ein dårleg dag.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Same pers

Dagen etter det blytunge motbakkeløpet i Bergen, var tvillingane klare for 1500 meter under Bergenslekene. På 1500 meter er målet å springa under fem minutt om ikkje lenge.

– Har de sprunge under fem minutt på 1500 meter før?

– Nei, svarar Emma.

– Kor mykje manglar?

– Fem sekund. Eller, 5.04 har me hatt.

– Me? Du eller Anna?

– Begge.

– Spring de nøyaktig like fort?

– Ja, eg trur det, seier Emma.