Ludvigsen vant med tida 8.11 opp dei 800 trappetrinna. Det var 27 sekund før andremann Callum Smith.
Tiande gong til trass, det vart ingen sjølvfølgje for Ludvigsen å gå i mål som nummer ein i dag.
– Eg vart spent på dagsforma. Tidlegare kunne eg leve litt på at eg var i god form, men no er eg meir avhengig av dagsforma, seier Ludvigsen til NRK og legg til:
– Det var toleleg greitt i dag, men eg vart litt nervøs i starten. Eg fekk med meg beina opp og er nøgd med tida 8.11.
Stoltzen opp er ein kraftprøve av dei sjeldne.
Mange ga absolutt alt i Stoltzekleiven Opp.
Fleire ville sikre seg ny personleg rekord.
Målgong er først etter rundt 800 trappetrinn.
Fra startpunktet har ein 300 høgdemeter i vente.
Stoltzekleiven Opp ble arrangert for fyrste gong i 1979.
Over målstreken blei Ludvigsen omfamna av familien. Ingen har vunne motbakkeløpet fleire gonger enn 36-åringen.
Fleire sigre kan det også bli for den regjerande «Stoltzekongen».
– Ja, eg kjem tilbake neste år også. Eg fortset så lenge eg trivst med det, og det er det viktigaste, konstaterer Ludvigsen.
Joel Dyrhovden, Torbjørn Ludvigsen og Callum Smith på sigerspallen.
Foto: Eskil Byrkjeland / NRKDyrhovden raskaste kvinne
Emma Dyrhovden blei raskaste kvinne med ei tid på 10 minutt blank.
Ho vant dermed for tredje gong på rad blant kvinnene. Ho klarte derimot ikkje å slå persen sin frå i fjor på 9.52.
Emma Dyrhovden vant kvinneklassa for tredje gong.
Foto: Eskil Byrkjeland / NRKStoltzen Opp går for å vere eit av verdas brattaste motbakkeløp med 36 prosent stigning. Målgang er over 300 høgdemeter over starten.
I gråvêr i Bergen kjemper seks tusen personar seg opp den bratte bakken frå Fjellveien laurdag.
Emma Dyrhovden blei raskaste kvinne med ei tid på 10 minutt blank. På andreplass kom Tine Alfstad Olsen, mens Anita Iversen Lilleskare fekk bronsemedaljen.
Foto: Eskil Byrkjeland / NRKIngen rekordar
Det blei ingen rekordtider i år.
Rekorden for menn er på 7.46 og blei sett i 2019 av Stian Øvergaard Aarvik.
For kvinner er rekorden på 9.35 frå 2013, som vart sat av Kristin Størmer Steira.