Hopp til innhold

Turistvert seier nei til gjester frå Russland

Krigen i Ukraina gjer at overnattingsstad i Sogn seier nei til gjester frå Russland. Stortingsrepresentant åtvarar mot å «piske opp russar-hat».

Vesterland feriepark har bestemt seg. De vil ikke lenger ønske russiske gjester velkommen. Det vekker kraftige reaksjoner.

DET ER KRIG: Å takke nei til russiske gjester er ikkje å fordømme dei, men eit signal på at vi ikkje aksepterer vala til presidenten deira, seier ordførarkandidat for Sogndal Høgre, Arne Glenn Flåten.

Foto: Ola Skram / Porten

Leiar i Vesterland Feriepark og tidlegare ordførarkandidat for Sogndal Høgre, Arne Glenn Flåten, seier nei til russiske gjester ved overnattingsstaden han driver.

Det rammar sjølvsagt uskyldige, men konsekvensen er liten, seier han til NRK, og presiserer at dei russiske gjestane som alt er innlosjert på staden «sjølvsagt ikkje vert kasta ut».

Vidare har han sendt førespurnad til booking.com og expedia om å stenge for bestillingar frå Russland.

Bakgrunnen for aksjonen er krigen i Ukraina og eit ynskje om å sende «eit tydeleg signal» austover.

Det er krig. Å takke nei til russiske gjester er ikkje å fordømme dei, men eit signal om at vi ikkje aksepterer vala til presidenten deira, seier Flåten.

Han legg til at han praktiserte same booking-politikk då Russland tok Krimhalvøya i 2014.

Ordførar i kommunen, Arnstein Menes (Sp), seier til NRK at han «har forståing for at det kjem slike reaksjonar».

Ukrainian servicemen work by the wreckage of an unidentified aircraft which crashed into a private house in a residential area in Kyiv on February 25, 2022. - Russian forces reached the outskirts of Kyiv on Friday as Ukrainian President Volodymyr Zelensky said the invading troops were targeting civilians and explosions could be heard in the besieged capital. Pre-dawn blasts in Kyiv set off a second day of violence after Russian President Vladimir Putin defied Western warnings to unleash a full-scale ground invasion and air assault on Thursday that quickly claimed dozens of lives and displaced at least 100,000 people. (Photo by GENYA SAVILOV / AFP)

KYIV: Ukrainas president seier Russland har framleis med rakettangrep mot Ukraina natt til fredag. Nå skal russiske styrker ha nådd regjeringskvartalet.

Foto: GENYA SAVILOV / AFP

Juridisk dilemma

Aksjonen i Sogn vart fyrst kringkasta på Facebook og har skapt skarpe reaksjonar.

Juridisk er spørsmålet om aksjonen treffer ein marknad eller om han treffer enkeltpersonar.

Det fyrste, altså å blokkere for russiske finansoperasjonar og bestillingar, er eit legitimt sanksjonsmiddel.

Medan det andre kan vere på kant med Diskrimineringslova som seier at «direkte og indirekte diskriminering på grunn av etnisitet og nasjonalt opphav er forboden.»

Kva slags kategori aksjonen i Sogn hamnar i er ikkje utan vidare gjeve.

Det kan vere tillate, om det er sakleg og forholdsmessig, seier jurist og tidlegare Fpu-formann Ove Vanebo.

Men ein rein avvisning av russiske gjester utan vidare, verkar å vere ganske dramatisk. Eg ville rådd frå ein slik praksis.

Ifølge straffeloven paragraf 349 så er det straffbart å nekte menneske varer og tenester som er tilgjengeleg for ålmenta basert på nasjonale eller etniske opphav.

Unngå å piske opp eit russar-hat i befolkninga

Alfred Bjørlo representerer Sogn og Fjordane Venstre på Stortinget. Han åtvarar mot å «piske opp eit russar-hat i befolkninga».

Eg er skeptisk til denne type boikottaksjonar mot den jamne russar, som også lever under åket av Putins diktatur. Vi må hugse på at dette er «Putins krig». Det vi må gjere no, er å ramme han og hans regime hardt og konsist med alle tilgjengelege økonomiske og juridiske verkemiddel.

I staden foreslår han eit meir målretta tiltak:

Russiske oligarkar i luksusyachtar bør ikkje vere velkomne i norske fjordar i 2022. Desse oligarkane veit vi har nære band til Putin-regimet. Dei bør boikottast og få klar beskjed om at dei ikkje er velkomne til våre fjordar.

Forslaget er i tråd med kva tidlegare Moskva-korrespondent for BBC, Angus Roxburgh, skriv i den engelske avisa The Guardian i dag. I ein kommentar tek han til orde for å ramme den delen av den russiske befolkninga som er tettest på Putin.

Vladimir Putin

MÅ SKILJE: – Eg skjønner at man ønsker å reagere på det som skjer i Ukraina, men eg tviler på at løysinga er å snu ryggen til russarar flest på grunn av Putin, seier reiselivsdirektør i Visit Bergen, Anders Nyland.

Foto: Skjermbilde

Styremaktene må definere sanksjonar

Helene Frihammer er regiondirektør for NHO Vestlandet. Ho seier til NRK at dei ikkje vil sette i verk eigne sanksjonar, men overlate dette til styremaktene.

Sjølv om Russland har gått til angrep på Ukraina er vi ikkje i konflikt med Russland eller det russiske folk. Norske styresmakter vil ha hand om sanksjonspolitikken og NHO vil sørge for at medlemmene våre er løpande oppdatert på dette.

Stortingskandidat frå Hordaland Høgre, Ove Trellevik, har lite til overs for boikotten til sin Høgre-kollega i Sogn.

EU og Nato står samla i sine sanksjonar mot Russland, så private aksjonar som ikkje er forankra i Noreg sin «sanksjonspolitikk» kan virke mot føremålet, sjølv om dei isolert sett kan verke fornuftige, seier han.

Det same seier reiselivsdirektør i Visit Bergen, Anders Nyland:

Dette verkar lite gjennomtenkt, synest eg. Eg skjønner at han ønsker å reagere på det som skjer i Ukraina, men eg tviler på at løysinga er å snu ryggen til russarar flest på grunn av Putin.