Hamnesjef John Erik Johnsen seier dei har tre turistskip med til saman 5000 passasjerar liggande i dag, og eit nytt, "Rotterdam", er venta i morgon.
– Vi har ikkje fått meldingar om avbestillingar enno. Men vi høyrer at på ein av båtane som ligg til anker i dag er det usikkert om losane blir verande om bord eller om dei går i land. Går dei i land, blir båten liggande her i Flåm.
– Kor mange ekstra innbyggjarar får Flåm i så fall?
– Det blir 1200 ekstra, det er bra mykje for Flåm, som har 370 fastbuande.
Han seier at dersom streiken blir langvarig, blir båtane liggjande og nye båtar kjem ikkje inn.
– Då må vi finne på aktivitetar til dei. Men det går greitt, dei har rikeleg med mat og drivstoff.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ: