Dette 500 meter høge fjellet er eit ynda rekreasjonsområde for dei som bur i kommunen.
Leiar i Naturvernforbundet i Eid, Thorleif Jakobsen, seier dei vil gjere alt for å hindre ei slik etablering.
– Vi kan ikkje tillate at nokon øydelegg eit så rikt turområde som dette – det er heilt uakseptabelt, seier Jakobsen.
Superpukkverk
Naturvernforbundet har fått eit brev frå selskapet North West Industries der dei skriv at dei har planar om å etablere eit såkalla superpukkverk ved Naustdalskammen i Eid kommune. Det er planar om å lage gruvegangar inn i fjellet for å ta ut masse som skal skipast ut, fortel Jakobsen.
Stadfestar
Verken dagleg leiar Harald Øyen eller prosjektleiar Hallvard Eide i det nystarta North West Industries vil seie eit ord til NRK om kva planar dei har føre. Men ordførar i Eid, Gunvald Ludvigsen, kan stadfeste at sunnmørsfirmaet jobbar for å etablere seg i bygda.
At Naustdalskammen ligg nær sjøen, trur Ludvigsen er hovudårsaka til at selskapet har sett seg ut akkurat denne fjellformasjonen. Men førebels er steinbrotplanane heilt i startgropa.
Konsekvensutgreiing
Det må gjerast konsekvensutgreiingar om alle sider ved eit slik anlegg, mellom anna når det gjeld miljømessige konsekvensar som støy, støv, estetikk, og om området har arkeologiske verdiar.
Det er tidlegare kjent at det kan vere tale om 20-25 arbeidsplassar knytt til steinbrotet som North West Industries vil i gang med, og at det er planar om å ta ut 1,2 millionar tonn stein årleg.