NRK Meny
Normal

Set inn vakter ved Nigardsbreen etter dødsulukka

Luster kommune set i verk strakstiltak etter dødsulukka ved Nigardsbreen søndag. Allereie i morgon kan det vere vakter i området.

Fareskilt ved Nigardsbreen

SET INN VAKTER: Det står allereie fareskilt og sperringar ved Nigardsbreen. No vert det også sett inn vakter i området.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– For å styrke arbeidet vårt i ein periode framover set vi no i gang ei ordning med fysisk vakt på ettermiddagen når det er flest folk i området, seier rådmann i Luster, Jarle Skartun.

Søndag omkom ein austerriksk turist ved Nigardsbreen etter at breen kalva og tre personar hamna i elva. Det er tidlegare gjort tiltak med betre skilting og sperringar ved breen, men likevel har mange turistar trassa åtvaringane.

Den varme sommaren har gjort at smeltinga har vore kraftig på breen og det har vore fleire tilfelle der breen har kalva. Turistar i området har etterlyst betre informasjon om farane.

Jarle Skartun

STYRKAR ARBEIDET: Jarle Skartun fortel at Luster kommune no vil styrke arbeidet med sikringstiltak.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Tysdag hadde kommunen og Statens naturoppsyn eit møte for å diskutere sikringstiltaka ved breen. Skartun stadfestar etter møtet at det vert sett inn vakter i området.

– Set de inn vakter resten av sesongen?

– Vi vil sjå det an, men dei neste vekene framover vil det vera fysiske vakter der. Vi skal åtvara folk og gje dei råd om å halda seg unna det farefulle området, men vi har ikkje politimynde til å hindra dei fysisk.

Sjølv om det har vore to dødsulukker ved breen dei siste fire åra, meiner ikkje Skartun at det no er for seint å setje i verk ytterlegare tiltak.

– Vi meiner at det er gjort eit godt arbeid etter tidlegare ulukker, som i utgangspunktet skulle vore tilstrekkeleg. Sidan det no har vore ei ny dødsulukke, og breforholda er litt meir farefulle, vel vi å styrke desse tiltaka for ein periode, seier han.

Her er turistane i livsfare

SET SEG I FARE: Turistane ved Nigardsbreen set seg i stor fare når dei kryssar sperringane og går fram til brefronten. Biletet er teke tidlegare i sommar.

Foto: Anne Rudsengen / SNO

Vil hauste erfaringar

Ifølgje Skartun er målet med dei nye tiltaka først og fremst å samle erfaringar om korleis det vil fungere.

– Kommunen ser ikkje for seg at dette skal vere eit tiltak heile sesongen. Dette er knytt til dei litt ekstraordinære forholda som har utvikla seg no på seinsommaren.

Nigardsbreen før ras

TRASSAR SPERRINGANE: Fleire turistar trassar sperringane.

Foto: Sergio de Gracia

– Vert dette vidareført neste sommar?

– Det tek vi stilling til når vi har hausta litt meir erfaringar, og så er det sjølvsagt også eit økonomiaspekt i eit større bilete. Ein kan heller ikkje seie at dette er ei pliktoppgåve for kommunen, sjølv om vi prøvar å vere ein god tilretteleggar for tilbodet ved Nigardsbreen.

Kommunen, SNO, politiet og reiselivsaktørar delar allereie på arbeidet med å kontrollere sperringane ved breen fleire dagar i veka.

Skartun fortel at dei nye tiltaka vert sett i verk relativt raskt, og det er mogeleg at SNO tar si første vakt allereie i morgon.

– I første omgang vil kommunen garantera for det økonomiske. Så har vi bidrag frå staten og vi har fått meldt interesse frå reiselivsaktørar i området som kan tenka seg å bidra økonomisk til denne ekstra tryggleiken, seier han.

Vegopning på Bergum i Førde kommune