Hopp til innhold

«Det er noko med å sjå raudt – då er det ikkje vanskeleg å motivere seg»

Jon Navarsete spelte på det legendariske cupfinalelaget som tapte mot Brann i 1976. Sidan har derbyet vore særmerkt. I morgon er det nytt Vestlandsderby.

Sogndal klare mot Brann

HAR TRUA: Jon Navarsete har tru på at det går lett for Sogndal-spelarane å gire seg opp før kampen mot Brann fredag.

Foto: Alf Vidar Snæland/Arne Stubhaug / NTB Scanpix/NRK

– Det er veldig spesielt. Det er noko med å sjå raudt. Då er det ikkje så vanskeleg å motivere seg til kamp. Det blir ei herleg kjensle viss ein klarar å slå dei på stadion for andre gong i historia, seier Navarsete, som også er fotballekspert for NRK Sogn og Fjordane.

I 1976 var han på Sogndal-laget som møtte Brann til cupfinale på Ullevaal. Situasjonen den gongen var heilt spesiell. Aldri før hadde eit lag frå nivå 3 i norsk fotball spelt seg heilt fram til cupfinalen.

Men i 1976 hadde Sogndal klart det. Framfor nesten 18.000 tilskodarar rusla eit heiltent Sogndal ut på bana i skikkeleg haustvêr på sjølvaste FN-dagen. Klare til å sende storebror Brann hovudstups ut av cupen og klatre heilt til topps. Slik gjekk det ikkje. Steinar Aase banka ballen i mål for Brann.

Sogndal har likevel slege Brann fleire gonger ved seinare høve, men berre éin gong før i bortekamp på Brann stadion.

Men i morgon er det ny sjanse. Og viss Sogndal dreg heim til saftbygda med tre poeng, joggar dei forbi Brann på tabellen.

– Det er ei solid gulrot, seier Navarsete.

Då Sogndal hadde Brann på heimebesøk serien i mai, slo dei bergensarane 3-1.

Størst treng ikkje vere best

Også Sogndal- kaptein Rune Bolseth er klar på at sjølv om ein er størst, treng ein ikkje vere best.

– Vi er klare, og vi går sjølvsagt for siger, seier Bolseth.

Dei kvite og svarte er kometane i norsk fotball i år – og pustar Brann i nakken, sjølv om dei berre har ein fjerdedel av erkerivalen sine pengar å rutta med.

– Det er ganske mange millionar kroner forskjell i budsjett og måten å drive på. Det er heilt klart dei som er storebror. Men det betyr ikkje at dei er betre enn oss for det, seier Bolseth.

Kapteinen er den einaste på dagens sogndallag som har tukta Brann i Bergen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Det skal eigentleg ikkje vere mulig. Men det har skjedd før - og i morgon kan det skje igjen. Vesle Sogndal kan slå Brann, og passera storebror på tabellen.

KLARE TIL KAMP: Kampgløden er stor blant Sogndal-spelarane før kamp.

Har brote mange barrierer

Den historiske sigeren i 2002 kan få sin reprise 11 år etter, sjølv om Sogndal har selt mange av sine beste spelarar, til nettopp Brann.

Suksesstrenar Jonas Olsson har fått fram eit lag som bryt barrierar.

– Då vi slo Viking var det 20 år sidan sist, vi har vunne mot Sandnes Ulf borte, noko vi ikkje har gjort før. Vi har brote mange grenser i år, så kven veit, kanskje tek vi Brann også, seier den sindige trenaren.

Med siger kan veslebror Sogndal bli storebror på Vestlandet.

– Den troppen og det laget vi har, er på høgde med Brann. Det har vi vel vist til no. Så vi har ein plan om å ta dei i morgon. Og då er vi framfor, seier kaptein Bolseth.