– Det var merkeleg å skulle spele mot folk ein har spelt saman med i mange år, og ikkje minst Ulrik. Eg fekk ei kjensle av internkamp, seier Per-Egil Flo etter at han for første gong har spelt for ein motstandar på Fosshaugane.
For berre nokre veker sidan vart det klart at 24-åringen melde overgang til Ole Gunnar Solskjær og Molde etter å ha spelt for Sogndal sidan 2006.
Laurdag var han tilbake på si gamle heimebane – og på motsett banehalvdel sto Ulrik Flo – tremenning av Per-Egil, og lagkamerat gjennom tjukt og tynt sidan dei var på smågutelaget til Stryn.
- LES KAMPREFERAT:
– Det var veldig spesielt. Samstundes var det kjekt å spele mot gamle lagkameratar. Og heldigvis vart det siger. Det hadde ikkje vore kjekt å komme tilbake her og tape, ler Flo.
(Artikkelen held fram under videoen)
TRENAR: Jonas Olsson blir intervjua om kampen mellom Sogndal og Molde. Foto: Heidi Lise Bakke
Kampen snudde på to minutt
Det var Sogndal som kom best i gang på Fosshaugane. Heimelaget jobba hardt, og greidde å få kampen inn i sitt eige spor.
26 minutt ut i kampen var Azar Karadas høgast på eit innlegg frå høgre. Nordfjordingen sette headinga si rett på keeper Nyland i Molde-målet, men Malick Mane sende Sogndal i føringa med eit kontant skot i nettaket på returen.
Slik stod kampen også lenge. Men Molde kom langt betre med i oppgjeret etter pause, og med om lag eit kvarter igjen å spele, snudde det: Først på ei scoring etter corner ved Joona Toivio, deretter heada Tommy Høiland inn sitt første mål for Molde og vart matchvinnar.
Molde hadde snudd kampen på berre to minutt...
- LES OGSÅ:
Kven andre enn Flo slo corneren...
Kven som slo den avgjerande corneren? Jepp. Per-Egil Flo...
– Kva tenkte du då, Ulrik Flo?
– Eg ønskjer Per-Egil alt godt, men eg vil jo vinne alle kampar eg spelar. Det er berre å ønskje han alt godt vidare.
– Litt spesiell kamp for deg også?
– Ja, vi har jo spelt saman heile vegen, og no var han på den andre sida. Det kjendest nesten som om vi var på trening, humrar Ulrik Flo.
(Artikkelen held fram under biletet)
MÅL: Her scorar Malick Mane Sogndal sitt mål mot Molde. Det heldt ikkje heilt inn denne gongen.
Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpixVar veldig skuffa over tapet
Sjølv meiner Ulrik Flo at Sogndal gjennomførte ein god førsteomgang. Først då heimelaget vart slitne etter kvilen, tok Molde verkeleg tak i kampen. Då vart Sogndal springande mykje i mellom.
– Vi hadde så lyst til å vinne denne kampen, så dette tapet er tungt å svelgje, vedgår Sogndal-spissen.
– Og så er det jo ironisk at dei scorar på to cornerar, seier Ulrik Flo.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Solskjær rosar sin nye Flo
Molde-trenar Ole Gunnar Solskjær var på si side svært godt nøgd med tre poeng, ikkje minst med tanke på at laget hadde den tøffe bortekampen i Warszawa i beina frå onsdagen.
Han er også nøgd med innsatsen til Flo på venstrebacken.
– Han var veldig god i dag, trass i at han hadde ei krevjande rolle. Han var eigentleg både vingback og venstreback – og han jobba då også for to. Og han var solid, seier Solskjær.
– Per-Egil har ein veldig god fot. Vi har ikkje dei største spissane, men likevel blir det farleg når dei får så presise ballar.
(Artikkelen held fram under videoen)
TRENAR: Ole Gunnar Solskjær var ein nøgd mann etter tre poeng mot Sogndal. Foto: Heidi Lise Bakke
Håpar å kunne klatre til medaljeplass
Per-Egil Flo meiner han har komme godt i gang i sin nye klubb, og at han er i ferd med å bli kjend med medspelarane. No kjempar han først og fremst med Knut Olav Rindarøy om plassen på venstrebacken.
– Eg håpar eg kan lære av han, og at eg kan etablere meg på laget, seier han.
– Kva med resten av sesongen no?
– Eg ser fram mot utfordringane i Europa. Vi skal gjere vårt beste. Og så hadde det vore kjekt å klatre på tabellen. Eg kunne godt tenkje meg å vere med og kjempe om medalje, seier Per-Egil Flo.
PS: Ulrik Flo er son av tidlegare Molde-spelar Kjell Rune Flo, som igjen er bror av Jostein, Tore André og Jarle Flo. Per-Egil er son av Kjetil Flo, bror til Sogndals sportslege leiar Håvard Flo. Ulrik og Per-Egil er altså tremenningar.